Sogndal: – Vi har auka jamt og trutt heile vegen. Så gjorde vi eit byks då vi vart slått saman med Leikanger i 2013, og no har vi tusen i sikte, seier nyvald leiar Anne Skaar.

40-årsjubileet vart markert på årsmøtet denne veka. Nils Faarlund filosoferte litt kring friluftslivet og verdiane det representerer, medan mangeårige medlemmar bidrog med nokre historiske tilbakeblikk.
– Turlaget starta vel med å vere turleiarar, særleg på turar du ikkje så lett får til åleine. Det er kjempeviktig framleis, men dei siste åra har det vorte litt meir fokus på å tilrettelegge for at folk skal ta seg på tur sjølv, med skilting og merking og turpostkassar, seier Skaar.
Les også: God driv i Lærdal turlag
Les også: Turar for ein kvar smak
Turlaget har òg utvida tilbodet med til dømes padling. Barnas turlag er ei anna nyvinning verd å nemne, ein organisasjon som forøvrig sjølv feirar ti år.
– Det har vist seg å bli verkeleg populært, ikkje minst lommelyktturane, som vi skal ha ein ny av snart, seier Skaar.
Truleg vil medlemstalet passere tusen neste år. Med borna med på laget, skulle det meste ligge til rette for det.
