TENDE HÅPET: Eirik Schulze tende håpet med ei tidleg redusering i første omgang. Trass tidvis stort press greidde ikkje Sogndal å skåra fleire.
TENDE HÅPET: Eirik Schulze tende håpet med ei tidleg redusering i første omgang. Trass tidvis stort press greidde ikkje Sogndal å skåra fleire. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Sogndal utanfor kvalikplass to rundar før slutt

Etter ei turbulent tid skulle Sogndal få sjansen til å motbevisa tvilarane på bana. Det stod ikkje på sjansane.

Raufoss-Sogndal: 1-1 (1-1)

Det var to lag som trengte tre poeng som møttest på Nammo stadion søndag. Både Raufoss og Sogndal hadde før kampen håp om å kapra ein av dei siste ledige kvalikplassane i 1. divisjon.

Vertane tok ei tidleg leiing då Stefan Antonijevic var uheldig og stussa eit innlegg i eige mål. Oppildna av ei busslast med bortesupportarar greidde Sogndal å svara kjapt. I det 23. minutt dukka Eirik Schulze opp på bakre stolpe og sklei inn utlikninga.

Resten av omgangen var Sogndal det førande laget. Joachim Soltvedt fekk to store sjansar, men både presisjon og marginar mangla. 

Kostbar sjansesløsing

Andre omgang var lenge prega av svakt spel frå begge lag. Tjue minutt før slutt fekk Ulrik Flo skyta frå fint hald, men ballen sklei av foten til stryningen.

Like etter var det innbytar Alioune Ndour sin tur til å missa, og denne sjansen var i kategorien hundre prosent. Skotet frå ti meter gjekk diverre midt på keeper.

Mot slutten kasta Sogndal alle mann framover, og byrja å pumpa ballar inn i motstandarfeltet i jakta på skåring. Eit par sjansar blei det, men ingen sigar.

Framleis spaning

Poengdelinga gjer at Sogndal no er under kvalikstreken, sidan to av opprykksrivalane tok full pott.

Likevel har dei lagnaden i eigne hender, sidan dei møter laget over dei på tabellen, KFUM, i siste serierunde. Kristenkameratane har berre eit plussmål å gå på, ellers er dei to laga likt på poeng.

Men før dei kjem så langt må Sogndal passera neste hinder, som er Ham-Kam på heimebane neste helg. Då er truleg berre tre poeng godt nok.

Til toppen