SOGNDAL:
SOGNDAL: (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal vann mot HamKam etter målfest på Fosshaugane

Det er tredje sigeren på rad for Bakke sine menn.

Sogndal - HamKam: 4-2 (1-1)

Sogndal tok tidleg leiinga i kampen, og allereie etter eitt minutt la Kristoffer Hoven ballen fint i nettet. Gleda varte i omlag 35 minutt for heimelaget, for etter 35 minutt utlikna Jonas Enkerud for HamKam.

Etter pausen går Sogndal på nytt opp i leiinga, då Tomas Totland skårar i det 71 minutt. Kun to minutt seinare aukar laget frå Saftbygda leiinga, til 3-1. Deretter reduserer Jo Nymo for HamKam, før Markus Brændsrød aukar leiinga for heimelaget.

Etter åtte spelte kampar ligg Sogndal på tredjeplass i OBOS-ligaen, tre poeng bak direkte opprykk.

Til toppen