MEISTRAR IGJEN: Sogndal jublar for gull i cupfinalen sist helg. Søndag slo dei AGF Århus og vart skandinaviske meistrar i tillegg.
MEISTRAR IGJEN: Sogndal jublar for gull i cupfinalen sist helg. Søndag slo dei AGF Århus og vart skandinaviske meistrar i tillegg. (Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball)

Sogndal vart skandinaviske meistrar

Slo danske AGF Århus i finalen. Mathias Sundberg skåra det einaste målet i kampen.

Sogndal-AGF Århus: 1-0 (1-0)

G19-laget til Sogndal er historiske nok ein gong. Førre helg vann dei NM-finalen, som første lag frå Sogndal. Søndag vart dei det første norske laget til å vinna skandinavisk meisterskap.

Mathias Sundberg vart tunga på vekstkåla nok ein gong, då han skåra det einaste målet i finalen. Førre kamp mot Häcken putta han to gongar.

– Det er ein lagsiger, men det er alltid gøy å skåra, seier Sundberg til Sogndal Fotball sin eigen reportar etter kampen.

Rutlin stengde døra

Etter ei jamn opning, tok Sogndal leiinga etter ni minutt. Mathias Sundberg stod som vanleg på rett plass då innlegget kom frå høgre.

Det vart ein omgang med mykje kjemping, der dommaren tillet at spelarane trakka til i duellane. AGF spelte seg fram til to kjempesjansar, men keeper Kristian Rutlin hindra baklengs med to feberredningar i det 27. og 41. minutt.

Spydspiss Akor Adams var for det meste anonym i finalen, men i det 35. minutt viste han fram overstegsfintene. Skotet hadde keeperen grei kontroll på.

To pokalar på èi veke

I andreomgang måtte Rutlin til pers to gongar tidleg i omgangen. Innimellom fekk Sogndal òg nokre gode sjansar, utan at dei var i kategorien hundre prosent.

Den siste halvtimen vart prega av eit AGF-lag som stanga, medan Sogndal mest var interessert i å ligga bak og kontra. Sjølv om dei jaga utlikning, greidde det danske laget aldri å trua Sogndal skikkeleg. Dei kvitkledde forsvarte leiinga, og sikra Sogndal nok ein pokal i medaljeskapet.

Bortsett frå ein liten bærtur i førsteomgang, spelte Kristian Rutlin prikkfritt og var ein av dei beste på bana denne finalen. Det var siste gong han er kaptein for G19-laget.

– Det er trist, men det kunne vel ikkje slutta på nokon betre måte, seier Rutlin.

Desse elleve starta: Kristian Rutlin - Fabian Rimestad, Jonas Fredriksen, Eirik Lereng - Eivind Helgesen, Sivert Mannsverk, Ulrik Fredriksen, Tomas Totland - Anders J. Nord, Akor J. Adams, Mathias Sundberg

Benken: Håvard Hetle, Eirik Stokkenes, Tobias Klepp, Elias Mittet, Mikkel Erlandsen.

Til toppen