GULL I SIKTE: For tredje år på rad har desse jentene teke seg til kvartfinale i Norway Cup. I morgon møter dei Herd i kampen om å nå semifinalen.
GULL I SIKTE: For tredje år på rad har desse jentene teke seg til kvartfinale i Norway Cup. I morgon møter dei Herd i kampen om å nå semifinalen. (Bilde: Sogndal IL)

Sogndal vidare til kvartfinalen i Norway Cup: – Kjempedeilig 

Vann nervetriller mot Notodden i den TV2-sendte kampen om kvartfinalebillett.

Nesodden - Sogndal: 1-2

– Det var kjempedeilig å få denne sigeren. Eg synst vi trykker til frå start, slik vi har avtalt og gjort i alle kampane. Det at vi får dei første måla gjer at vi får meir motivasjon og sjølvtillit til å halde trykket oppe heile kampen, seier Tuva Eithun.

Skåringar av ho og Kristin Bergheim Lykkeslett sørga for full sogndalsjubel på Ekebergsletta. Men for eit drama det vart før vi kom så langt.

Sogndal gjekk til pause med tomålsleiing og verka å ha full kontroll på kampen då Nesodden plutseleg fekk straffespark midt ut i andreomgang.

– Det burde aldri ha blitt straffe, seier Eithun.

Òg frå TV-stolen verka det billeg, men redusering vart det. I staden for å dette fullstendig i hop, gjorde kalddusjen at sogndalsjentene skjerpa seg ytterlegare.

– Vi blei vel alle litt sure, men eg trur vi fekk enno meir motivasjon når det skjedde, seier Kristin Bergheim Lykkeslett, den andre målskåraren i kampen.

Sogndal heldt fram med å presse på framover, men nervane steig for kvar brente sjanse og for kvart merkelege offsidevink. I realiteten var sigeren aldri trua og jentene er dermed klare for sin tredje kvartfinale på like mange år.

– Viss vi held fram som vi har gjort til no så trur eg vi kan komme langt, seier Bergheim Lykkeslett.

– Kor langt?

– Vi satsar på finalen sjølvsagt, seier ho.

Til toppen