TAPTE BORTE: Sogndal må reisa seg på heimebane om det skal bli avansement i Youth League etter 0-2 tapet onsdag.
TAPTE BORTE: Sogndal må reisa seg på heimebane om det skal bli avansement i Youth League etter 0-2 tapet onsdag. (Foto: Arkiv)

Trenaren har trua trass tap i Moldova: – Me skal ha gode sjansar på Fosshaugane

Juniorane til Sogndal skaffa seg eit vanskeleg utgangspunkt, men har likevel trua på avansement i Youth League.

Sheriff-Sogndal: 2-0

Onsdag tapte juniorlaget til Sogndal 0-2 borte mot moldovske Sheriff i Youth League. Heimelaget skåra eitt mål i kvar av omgangane. 

Trenar Nils Tore Krosshaug tykte kampen var jamspelt, men vedgår at motstandarane skapte mest og var giftigast framfor kassen. Han vart likevel ikkje skremt av det han såg.

– Eg ser positivt fram til returmøtet, og ser at me absolutt har sjansar til å ta det heim, seier han.

Vil gje motstandarane kuldesjokk

Eit bortemål hadde vore nyttig å ha med seg heim til Fosshaugane og returmøtet 27. november. Slik det er no må Sogndal vinna med tre mål for å gå vidare, eventuelt må dei få same resultat og vinna på straffer.

Sheriff er det siste hinderet Sogndal må ta seg forbi før dei får spela mot eit toarlag frå Champions League-gruppene i Youth League. Lett blir det ikkje, men juniorlaget har imponert alle dei to siste åra, så det vil vera for tidleg å avskriva dei heilt enno. 

– Det er berre 0-2 og på Fosshaugane, med kuldegrader og kunstgras, så trur eg me skal ha gode sjansar, gjentek Krosshaug.

Desse spelte for Sogndal: Håvard Hetle, Kasper Bordvik, Adrian Solberg, Eirik Lereng, Eivind Helgesen, Eirik Stokkenes, Sivert Mannsverk (k), Mikkel Erlandsen (Rakkenes 75 min), Anders Nord, Mathias Sundberg og Vegard Halset (Mittet 46 min). Unytta reservar: Per M. Thune, Filip Mardal, og Johan Bakke.

Til toppen