VIDARE: Bandet Con Fusion frå Sogndal er med vidare då UKM-festivalen går av stabelen i Stjørdal i juni.
VIDARE: Bandet Con Fusion frå Sogndal er med vidare då UKM-festivalen går av stabelen i Stjørdal i juni. (Foto: Steffen Heggen Starheim / UKM Media)

Sogndalsband skal representera fylket i UKM: – Ekstra stas med sjølvlaga låt

Bandet Con Fusion frå Sogndal imponerte fagpanelet med låta «Fade», og vart blant dei som skal representera fylket i Stjørdal i juni.

Sogndal / Nordfjordeid: 250 ungdommar var med under årets UKM-festival i Sogn og Fjordane. To innslag frå Indre Sogn gjekk vidare i konkurransen, går det fram av ei pressemelding. 

Bandet Con Fusion frå Sogndal framførte låta «Fade» og gjekk vidare i kategorien sceneopptredenar. Gruppa består av Gunn Marit Kvåle (18), som tidlegare har vore deltaker på Idol, Harald Ahlin Søvde (17), Jacob Årøy (17), Peter Sætre (17), Ronja Bøe Øygard (18) og Vegard Lerum (17).

– Bandet er ein veldig samansveist gjeng, så me storkosa oss på scena. Eg trur alle i bandet vart overraska når me fekk beskjeden i dag tidleg, men det var sjølvsagt veldig stas. Og ekstra kjekt når me har sjølvlaga låt, å sjå at den funkar, seier Gunn Marit Kvåle i ein sms til Porten.no. 

I tillegg gjekk Mari Starheim Nese (19) frå Vik vidare i kunstkategorien med «Raude støvlar frå levra».

Breidde blant unge

Eit fagpanel avgjorde kven som gjekk vidare. Det var sett saman av Gerd Endestad, Tommy Bredesen, Felicia Goll-Rasmussen, Line Dybedal, Thomas S. Øvstedal, Ivan Smilovski og Andrea Santiago Stønjum. 

– Det har vore ei stor glede for Sogn og Fjordane fylkeskommune og Vågsøy kommune å arrangera festivalen. Me er stolte over å vera med og syna fram breidda i ung kultur i Sogn og Fjordane. Nivået til deltakarane er høgt, og alle har grunn til å vere stolte av innsatsen sin. Responsen frå publikum, om lag 1000, stadfestar dette inntrykket, seier Eva Kristin Svidal i fylkeskommunen.

Dei bestemte at desse innslaga skulle gå vidare:

Sceneinnslag:

  • Con Fusion frå Sogndal med låten «Fade».
  • Blitz frå Fjaler, «Bury a friend», dans. Emilie Hjartholm (19 år), Martine Refsnes (15 år).
  • Sigrid Høgseth Felde (15 år) frå Fjaler med låta «Love of My Life»
  • Bjørn Kristoffer Trydal Solheim (18 år) og Marius Arntsen (18 år) frå Stryn med låta Geitafjellhyrna
  • Marius Arntsen (18 år) frå Stryn med låta «Just The Two Of Us»

Kunst: 

  • «Nynorskens skog», Jenny Heggheim Myklebust (19 år), Førde
  • «Kvinne i rødt» Sara Strandheim Forfod (18 år), Høyanger
  • «Kim breaks the Internet», Nina Berkova (16 år) og Sara Strandeim Forfod (18 år), Høyanger
  • «Raude støvlar frå levra», Mari Starheim Nese (19 år), Vik
Til toppen