NØGD: Bonde Per Hilleren frå Sogndalsdalen er godt nøgd med avtalen bondeorganisasjonen greidde å forhandla fram med staten.
NØGD: Bonde Per Hilleren frå Sogndalsdalen er godt nøgd med avtalen bondeorganisasjonen greidde å forhandla fram med staten. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Sogndalsbonde om jordbruksavtalen: – Me vestlandsbønder kom godt ifrå det

Både dei mindre mjølkeprodusentane og frukt- og bærbøndene har grunn til å smila etter at staten og bondeorganisasjonane vart samde.

Sogndal: – Summa summarum må eg seia at me vestlandsbønder kom godt ifrå det. Spesielt med tanke på utgangspunktet me hadde då me sette oss ved bordet, seier Per Hilleren, som driv eit lite mjølkebruk i Sogndalsdalen.

Spesielt liker han satsinga på dei små og mellomstore bruka. Til dømes har det kome eit nytt tilskot til dei som driv med mjølkekyr. Tilskotet er størst per ku når det er 22 kyr på bruket, altså fire færre enn snittet i Norge i 2016.

– Det er voldsomt bra at dei la inn ekstra kroner på det, seier Hilleren.

Foto:  Pressefoto

Bra for bær og bratte teigar

Han er òg glad for at Vestlandet har fått eit eige arealtilskot.

– Det er positivt for alle som driv på vanskelege og bratte plassar, slikt som me har mykje av her hos oss, seier Hilleren.

Fylkesleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane bondelag er samd i at vestlandsbonden kom godt ut av jordbruksavtalen for 2019.

– Fleire av verkemidla er retta mot geografiske område der me slit med å halda areala i drift, og slit med inntektsutviklinga, seier han.

Felde gler seg òg over at frukt- og bærbøndene har fått ekstra drahjelp. Blant anna blir distriktstilskotet til frukt og bær auka med 12,1 millionar kroner, areal- og kulturlandskapstilskotet med 17,5 millionar.

– Me har behov for meir frukt og bær i den norske marknaden, seier han.

Tapte lønskampen

Felde er mindre nøgd med at dei ikkje greidde å nå målet om eit skikkeleg inntektsløft for bøndene. 

– Bøndene treng kronemessig lik inntektsutvikling og tetting av inntektsgapet. Det nådde me ikkje i årets forhandlingar, seier han.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag vart samde med staten onsdag kveld. Dermed slapp dei brot slik det vart i fjor.

Det er småbrukaren i Sogndal nøgd med. 

– Eg tykkjer det var bra dei greidde å koma til semje. Tilbodet frå staten var direkte øydeleggjande for den typen bruk me har på vestlandet, så der gjorde forhandlingsutvalet ein kjempejobb, seier Hilleren.

Til toppen