Sogndal: I årets tredje kamp var det Sogndalsdominans mot Kristiansund, men få sjansar.
Få sjansar
Då dommaren blåste til pause var stillinga 0-0 og den einaste sjansen til Sogndal var eit skot av Birkelund som gjekk eit godt stykke utanfor stolpen. Kristiansund kunne heller ikkje skryte av å ha vore nærme eit mål.
I andre omgang hald Sogndal fram dominansen og etter godt 70 minutt stod Henrik Furebotn åleine førre keeper og skaut Sogndal i leiinga. Dansken Kasper Nissen kom 10 minutt seinare i nesten same posisjon som Furebotn og valde å gå rundt keeper for så å skåre 2-0 målet.
Sogndal 2-0 Kristiansund.
Artikkelen held fram under biletet.

– Herleg å få skåre mitt første mål
Målskårar Kasper Nissen var fornøgd med å få skåra sitt første mål for Sogndal.
– Det er herleg å få skåre mitt første mål, vi kjempa godt og pressa hardt, forklara Nissen. Etter pausen skapte vi fleire sjansar og klarte å få to mål. Kampen i dag var ein fin laginnsats, seier Nissen.
Solid kamp der alle bidrege
Trenar Eirik Bakke var heller ikkje misfornøgd med ein seier, men var meir interessert i innsatsen til laget.
– Det er alltid fint å vinne, men det handla om å få trena på stor bane, forklara Bakke.
– Vi har hatt ein tøff treningsperiode og då er det fint å få spele kamp. Vi spelte ein solid kamp der alle bidrege.
Keeperdebutant Tarjei Aase Omenås hadde ein viktig redning i andre omgang som stoppa Kristiansand til å komme tilbake i kampen.
– Terje hadde ein god debut i lag med dei andre debutantane. Ein ser at laget voks inn i kampen og det er positivt å ta med seg, avsluttar Bakke.