Sogndal: – Det er veldig gledeleg å få den nyheita. Me har jobba med dette i to år og har vore veldig spente, seier Roar Geithus, som saman med Odd Tufte utgjer utbyggaren J. Johannesen AS.
Sjå fleire illustrasjonar nedst i artikkelen.
Torsdag vedtok kommunestyret i Sogndal detaljreguleringsplanen for dei storstila planane for Fossetunkvartalet i sentrum. Målet med utbygginga er å revitalisera gamlefjøra ved å byggja eit nytt kvartal, i første omgang Johannesgården og Fossetunet 3.
– No skal me og Odd Tufte ha møte saman med arkitektane. Me veit ikkje heilt korleis me skal angripa dette. Det er eit veldig stort prosjekt, seier Geithus.
– Blir uhorveleg dyrt
Kort oppsummert er det tenkt å bygga 59 leilegheiter, pluss butikk og konditori med uteservering i førsteetasje. Det er ikkje bestemt om det det blir bygd underjordisk parkeringsanlegg i ein eller to etasjar.
Utbyggarane veit enno ikkje kor mykje prosjektet vil kosta å realisera.
– Det blir uhorveleg dyrt, sjølv om me skal bygga billeg, konstanterer Geithus.
Odd Tufte er ein av to eigarar bak Jatak på Kaupanger. Roar Geithus eig fleire bygg i sentrum gjennom Konfeksjon AS og er medeigar i AMFI Sogningen storsenter.
Slik blir Fossetunkvartalet:
- Johannesengården blir eit nytt bygg i fem etasjar der det no er parkeringsplassar. På bakkenivå kjem det blant anna butikk og truleg konditori med uteservering. Ifølgje planomtalen er det inngått ein intensjonsavtale med ein aktør i daglegvarebransjen. Johannesengården vil få rundt 44 leilegheiter. Over butikken blir det eit skjerma gardsrom med fellesareal for alle leilegheitene. Under bygget vil det koma eit underjordisk garasjeanlegg.
- I første og moglegvis andre etasje i Fossetunet 3 blir det kontorareal som i dag. Tredje etasje bli riven og det er planlagt å bygga på to nye etasjar slik at det til saman blir fire. Det nye Fossetunet vil få mellom 14 og 21 leilegheiter.
- Det er òg planar om å oppgradera uteareala med parkområde, leikeplass, sykkelparkering gang- og sykkelvegar og gatetun.