NÅR?: Om Hemsedalsfjellet blir vald som hovudveg mellom aust og vest er det berre eit tidsspørsmål før ferjene på Mannheller-Fodnes blir bytt ut med bru. Men tidsperspektivet kan bli ganske langt. Arkivfoto
NÅR?: Om Hemsedalsfjellet blir vald som hovudveg mellom aust og vest er det berre eit tidsspørsmål før ferjene på Mannheller-Fodnes blir bytt ut med bru. Men tidsperspektivet kan bli ganske langt. Arkivfoto

Sogndalsordføraren: – Brua må koma ei gong

Med mindre politikarane går mot dei klare anbefalingane frå Vegvesenet i valet av hovudveg mellom aust og vest, vil det koma bru frå Fodnes til Mannheller. 

Sogndal/Lærdal: – Ein følgjekostnad av at ein satsar på Hemsedalsfjellet vil vera at brua må koma ei gong, seier Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal.

Torsdag vart det klart at Vegvesenet igjen anbefalar Rv. 52 over Hemsedalsfjellet og E16 vidare gjennom Lærdal og Aurland til Voss som hovudveg mellom aust og vest - i tillegg til allereie vedtekne E134 over Haukeli.

– Mykje større område

At også Stortinget går inn for dette vegvalet - framføre Rv. 7 over Hardangervidda - er noko Aarvoll lovar å jobba knallhardt for.

– For tredje gong kjem det eit eintydig råd frå Vegvesenet om at Hemsedalsfjellet er det beste alternativet i den i nordlege delen. Den faglege biten er no altså sluttførd. For oss gjenstår eit svært, svært viktig politisk arbeid til avgjerda kjem, truleg i 2017.

Les også: Dette betyr vegvalet for deg

Les også: – Kan vanskeleg sjå at politikarane går mot dette

SKAL JOBBA HARDT: Sogndalsordførar Jarle Aarvoll. Arkivfoto
SKAL JOBBA HARDT: Sogndalsordførar Jarle Aarvoll. Arkivfoto

Hovudargumentet frå Vegvesenet er at ei satsing på Hemsedalsfjellet gir positive verknader for eit mykje større område enn vegen over Hardangervidda. Medan ei satsing på Rv. 7 hovudsakleg vil gje kortare reiseveg for området den går i og til, vil Rv. 52 og E16 korta reisevegen for store områder langt utover der sjølve vegen går.

– Me snakkar om at heile Nordvestlandet får ta vesentleg større del i samfunnsutviklinga.  Og tidlegare har dei ikkje vorte all verda av dei store vegmilliardane på oss, seier Aarvoll.

Joker

Og "linken" mellom Nordvestlandet og hovudvegen Vegvesenet anbefalar det blir satsa på, er Rv. 5. Den møter E16 på Håbakken i Lærdal, som igjen møter Rv. 52 på Borlaug.

Rv. 5 går som kjend over Sognefjorden med ferjene mellom Fodnes og Mannheller. Dette blir ein joker i den vidare samferdsleutviklinga ettersom ferjene fort blir ein flaskehals på denne linken til resten av Nordvestlandet. 

– Ein av fleire jokerar. I den samfunnsøkonomiske rekneskapen til Vegvesenet er ei bru her svært viktig. Brua vil korta ned reisetida ganske mykje. For mange kommunar i Sogn blir det lokale verknader som er viktige for oss, seier Aarvoll.

Tidsperspektivet for brua vil han ikkje spå noko om.

– Det kan ta ti og det kan ta tretti år.

 

Til toppen