Sogndal/Breim: I august henta Sogndal 15 år gamle Håvard Hetle frå Breim, til keepergruppa i Sogndal Fotball. No er han nominert til Årets Fotballtalent.
Hetle blei nyleg handplukka som ein av seks talent, både frå gute- og jentefotballen, som kan bli kåra til Årets Fotballtalent.
Juryen består av Brede Hangeland, Jesper Mathisen og Solveig Gulbrandsen i samarbeid med Morgendagens Helter, i regi av NFF, TV 2 og Equinor.
– Håvard er ein veldig god rollemodell for andre med den gløden, innsatsen og læringsviljen han visar både på og utanfor bana, seier Cathrine Instebø, talsperson for Morgendagens Helter.
Drøymer om A-landslaget
Fakta om Årets Fotballtalent
- Dei nominerte blir valgt av ein jury som består av Brede Hangeland, Jesper Mathisen og Solveig Gulbrandsen i samarbeid med Equinor sitt talentutviklingsprogram Morgendagens Helter.
- Dei nominerte er Håvard Hetle (Sogndal), Sondre Auklend (Viking) og Bryan Fiabema (Tromsø IL). De nominerte jentene vert avslørt førstkomande sundag.
- Tidlegare vinnarar av kåringa er blant anna Martin Ødegaard, Martin Samuelsen og Mads Møller Dæhlie.
15-åringen sin store draum har utvikla seg i takt med talentet, og han drøymer no om å ein gong spele for A-landslaget. Hetle, som skildrar seg sjølv som ein leiartype på bana,
er overrasket over nominasjonen.
– Det er veldig overraskande og kjekt å bli nominert til Equinor årets fotballtalent. Det er jo ikkje så ofte ein blir nominert til slike prisar, seier Hetle.
I rekka av etablerte stjerner
Keeperen som allereie har signert proffkontrakt kan fort tre inn i rekka med nokre av Noreg sine største fotballtalent dersom han blir kåra.
Årets vinnar stikk av med tittelen som Norges største fotballtalent, og får tilbringa ein draumedag saman med A-landslaget.
Vinnarane for jentene blir kåra av TV 2 sine fotballekspertar den 16. november, medan gutane blir kåra 19. november.