FÅR SJANSEN: Ulrik Fredriksen skal vera med U19-landslaget å kjempa om EM-plass i mars.
FÅR SJANSEN: Ulrik Fredriksen skal vera med U19-landslaget å kjempa om EM-plass i mars. (Foto: Thomas Brekke Sæteren / Arkiv)

Sogndalspelar i EM-troppen til U19-landslaget

Til no har han berre to kampar for aldersfastlagde landslag. No skal Ulrik Fredriksen til Tyskland for å kjempa om EM-billett.

Sogndal: Ulrik Fredriksen frå Sogndal Fotball er blant 19 spelarar som i slutten av mars skal til Tyskland for å kjempa om EM-kvalifisering for U19-landslaget.

Der vil han bli lagkamerat med eliteserieprofilar som Erling Braut Håland frå Molde, Jens Petter Hauge frå Bodø/Glimt og Hugo Vetlesen frå Stabæk.

Norge skal spela mot Nederland, Skottland og Tyskland i kampen om en plass i EM. Det skremmer ikkje landslagstrenar Pål Arne Johansen.

– Eg ser at me har ein god sjanse til å ta oss til EM. Samanlikna med våre motstandere er vi det laget som har flest spelarar som spelar fast i sine seniorlag, seier Johansen til Fotball.no.

Ulrik Fredriksen starta fjorårssesongen på Sogndal 2, men slo til med godt spel då han fekk sjansen på A-laget då forsvarskrisa var som verst på våren. Det enda med heile 12 kampar frå start for 18-åringen.

På landslaget står han registrert med fattige to kampar for U18.

Kampane blir spelte slik: 

21. mars: Norge – Nederland, Wersestadion
24. mars: Tyskland – Norge, Stadion Grosse Wiese
27. mars: Skottland – Norge, Am Bruchbaum

Til toppen