TOMMEL OPP: Sogndalstoppar Bjørn Inge Utvik satsar på å komme sterkt tilbake til neste sesong. I går vart han endeleg operert for skaden som har plaga han i heile år. Foto: privat.
TOMMEL OPP: Sogndalstoppar Bjørn Inge Utvik satsar på å komme sterkt tilbake til neste sesong. I går vart han endeleg operert for skaden som har plaga han i heile år. Foto: privat.

Sogndalstopparen er optimist etter vellukka operasjon

– Det skal bli godt berre å få springa att, så får fotballen heller koma etter kvart, seier Bjørn Inge Utvik (20).

Sogndal: Ein skade i lysken og magen har sett stoppar Bjørn Inge Utvik ute av spel sidan august. I går vart han operert ved Volvat Medisinske Senter i Oslo

– Det gjekk fint. Dei fekk fiksa det dei skulle, sjølv om det var litt meir å ordne opp i enn dei hadde forventa, seier Bjørn Inge Utvik.

Les også: Fem sogndalsspelarar vart jegerar

TØFFING: Med Hannu Patronen vekke, får truleg Bjørn Inge Utvik enno meir ansvar i sogndalforsvaret til neste år. Men først må karmøyværingen bli heilt frisk.
TØFFING: Med Hannu Patronen vekke, får truleg Bjørn Inge Utvik enno meir ansvar i sogndalforsvaret til neste år. Men først må karmøyværingen bli heilt frisk.

Har kjent skaden heile sesongen

Når vi ringer han på veg heim er ikkje hardhausen akkurat i superslag.

– Det går ikkje så bra akkurat no. Eg er ganske svimmel og dårlig og det verker ekstremt der dei har operert. Men dei seier det vil gi seg i løpet av ei veke, så det får eg leva med. Så lenge eg blir frisk.

Les også: Her tek legenda eit rørande farvel med Fosshaugane

Diagnosen han vart innlagt med heiter Gilmore's groin, òg kjent som fotballbrokk. Samtidig hadde ei scene i lysken splitta seg opp og forårsaka ytterlegare krøll.

– Eg har gått og kjent på det stort sett gjennom heile sesongen. Etter kvart vart det meir og meir smertefullt og til slutt sa det berre stopp, seier Utvik.

Må vere tolmodig i opptreninga

Han gjorde fleire forsøk på å komme tilbake, utan å lukkast. Difor var han eigentleg berre glad då beskjeden kom om at det vart operasjon.

– Eg var i grunn det. Då var eg sikker på at dette kjem til å bli bra og at eg rekk oppkøyringa i januar. 

Det siste minuttet på bana fekk han i 1-1 kampen mot Start ni rundar før serieslutt. No har det gått elleve veker sidan sist han i det heile kunne springe.

– Eg kjenner meg veldig motivert til å byrja opptreninga. Det gjeld å finna balansen mellom å vere tolmodig og å pusha så eg blir i bra form. Det skal bli godt berre å få springa att, så får fotballen heller koma etter kvart. 

Til toppen