FLYR HØGT: Jotun/Årdalstangen avslutta 2016 med 24-22-siger mot Syril, den sjuande sigeren av sju moglege. Laurdag ventar Bjørn på bortebane før det om to veker er duka for toppoppgjer heime mot Sogndal. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik

Sogndalstrenaren: – Bra Årdal har fått lag med spelarar frå bygda

Alt tyder på ein kamp mellom Jotun/Årdalstangen og Sogndal om å vinna 4.divisjon avdeling 2. Sogndalstrenaren ser fram til toppmøtet, som er deira neste kamp.

Sogndal/Årdal: – Målet er opprykk, og det var det førre sesong også. Men då gjekk det skeis, seier sportsleg leiar i Sogndal handball, Øyvind Vralsen.

Denne helga starta handballen oppatt etter juleferien, og i utgangspunktet skulle den første kampen mellom årdølene og sogndølene finna stad søndag. Då var det rett nok Årdal og Sogndal 2 som skulle ha målt krefter, men kampen blir utsett.

Les også: Ustoppelege Jotun tok sjuande strake

– Gøy med litt tøffare matchar

Det blir også første oppsette kamp for førstelaget til Sogndal etter ferien mot Florø 2, i følgje Vralsen. Den skulle eigentleg gå av stabelen neste helg, men med utsetting også der blir det kampen mot Jotun/Årdalstangen 22.januar som startar vinter-/vårsesongen for dei beste sogndalsdamene.

– De har jo vunne dei første seks kampane stort sett med kalassiffer - målet om opprykk bør vel vera godt innan rekkjevidde?

– Ja, enn så lenge, i alle fall. Men me manglar å møta nettopp Jotun/Årdalstangen, så me får sjå korleis det går. 

– Det er jo eit lag som stod i fare for å bli trekt før sesongen, men som likevel har vunne dei første sju kampane sine. Kva tenkjer du om det?

– Det er litt det me førebudde oss på - Årdal har alltid hatt gode lag. No har dei fått til eit godt lag med eigne spelarar frå bygda, og det er bra for handballen. Me gler oss til match - det er gøy med litt tøffare matchar, for det har vore ein del kampar med veldig stor skilnad på laga så langt i sesongen.

– Verkar som Sogndal er litt sterkare enn oss

Og der ligg skilnaden mellom Sogndal og Årdalstangen/Jotun. For førstelaget til Sogndal har stort sett feidd all motstand av bana med sigrar på mellom 20 og 30 mål - den minst klare sigeren til sogndølene var 33-19-sigeren borte mot Florø 2 i sesongens første kamp.

Sogndal har også målskilnad på 222-78 etter sine første seks kampar, medan Jotun/Årdalstangen har 167-133 etter sju kampar.

Slik sett meiner også Jotun/Årdalstangen-trenar Olafur Sveinsson det blir tøft å kjempa om opprykk. 

NYE KAMPAR: Trenar Olafur Sveinsson fortel Jotun/Årdalstangen reiser med sitt sterkaste mannskap til Gaupne i helga. Arkiv
NYE KAMPAR: Trenar Olafur Sveinsson fortel Jotun/Årdalstangen reiser med sitt sterkaste mannskap til Gaupne i helga. Arkiv

 – Det verkar som Sogndal er litt sterkare enn oss, så veit ein aldri kva som skjer i enkeltkampar. Men det skal ikkje handla om prestisje, heller å skapa stabilitet, så får ein laga ambisjonar når det er på plass.

– De har trass alt vunne sju av sju kampar?

– Ja, men som eg har sagt allereie er det over forventingane. Det gir ein positiv peikepinn på at det er godt mogleg å hevda seg - samstundes skal me ikkje ta av.

– Går ikkje til nokre kampar som klare favorittar

Jotun/Årdalstangen skulle eigentleg spela to kampar i helga, men sidan heimekampen mot Sogndal 2 søndag altså blir utsett, er det bortekampen mot Bjørn laurdag med kampstart klokka 1515 som gjeld.

– Me går ikkje til nokre kampar som klare favorittar, for me har ikkje vunne kampane våre veldig klart - stort sett har det vore snakk om sigrar med tre-fire-fem mål. Me må først og fremst vera godt førebudde og taktisk flinkare enn dei andre, seier Sveinsson om kampen.

Bjørn ligg på 5. plass med tre sigrar, ein uavgjort og fire tap.

– Me ser langt på veg ut til å stilla med vårt sterkaste mannskap, men me reiser med berre ein keeper ettersom Henriette Forthun ikkje har høve til å vera med, seier Sveinsson.

Mannskapsmessig har Sogndal 24 spelarar å ta av fordelt på sine to lag, der det er ei fast stamme på kvart av laga og ei spelargruppe som ligg midt mellom og vekslar på å spela på første- og andrelaget.

Sveinsson fortel han no har ei stamme på fjorten-femten faste spelarar.

Les også: Det gror i årdalshandballen

– Så har me nokre innom som ikkje trenar fast, så totalt er det snakk om litt over tjue spelarar. Utfordringa er som den alltid har vore i Årdal at me har spelarar som jobbar skift og som er i småbarnsfamiliar, og det verkar inn på treningskvardagen. 

Til toppen