HEIDRA: Erlend Bolstad i midten, omgitt av Liv Kari Skudal Hansteen (administrerande direktør i RIF) og Tore Moen (leiar for  ekspertgruppa til RIF innan akustikk).
HEIDRA: Erlend Bolstad i midten, omgitt av Liv Kari Skudal Hansteen (administrerande direktør i RIF) og Tore Moen (leiar for ekspertgruppa til RIF innan akustikk). (Foto: RIF)

Sogndøl fekk pris for oppgåve om akustikk i klasserom

Overdriven støydemping av klasserom har liten effekt, og kan føra til at lærarane slit ut stemma. Det er ein av konklusjonane i masteroppgåva.

Trondheim: Erlend Bolstad frå Sogndal brukte i fjor vinter seksten dagar ute i felt i forskjellige klasserom i Trondheim. Der måla han støynivå, etterklangstid og bakgrunnsstøy.

Resultatet, ei masteroppgåve, vart såpass imponerande at han i helga hanka inn ein gjev pris.

– Det var veldig overraskande, og sjølvsagt stor stas. Det var få men veldig dyktige studentar eg konkurrerte med. Eg trur det vart avgjerande at eg traff på ein del kriterium som juryen såg etter, som at oppgåva skulle ha relevans og nytte for rådgjevarbransjen, seier Bolstad.

Konklusjonane i oppgåva kan få konsekvensar for korleis klasserom blir støydempa i framtida.

Fekk skryt av ekspertgruppe.

Prisen for årets beste masteroppgåve innan akustikkfaget vart delt ut av ei ekspertgruppe i Rådgivende Ingeniørers Forening.

Juryen har historisk hatt høge krav. I fjor blei det til dømes ikkje delt ut nokon pris.

I år var dei derimot ikkje i tvil om at dei hadde funne ein verdig kandidat.

– Årets prisvinnar har skrive ei meget god oppgåve me meiner treff intensjonane i statuttane godt. Oppgåva har praktisk nytte for rådgjevarane og bør óg vera interessant for entreprenørane og byggherrane, seier leiar Tore Moen for ekspertgruppa som delte ut prisen.

Ønskte å setta standarden

Bolstad er trommeslagar og har alltid vore interessert i musikk og lyd. I seks år underviste han i lyd på ein vidaregåande skule i Drammen. Etter kvart fann han ut at han ville jobba meir sjølv med faget.

– Å studera akustikk verka som ein bra plass å starta, seier Bolstad.

Med bakgrunn som lærar var det ikkje unaturleg at akustikken i klasserom fanga interessa. I masteroppgåva ville Bolstad vurdera den norske byggjestandarden, og sjå om det var rom for betring.

Spesielt gjekk han standardane for etterklangstid ekstra nøye i saumane.

Droppa startpistolen

Etterklangstid er tida det tek frå ein lyd oppstår, til han døyr ut. I eit klasserom er norma 0,5 sekund. Til samanlikning varer klangen i Nidarosdomen i åtte sekund.

For å måla etterklangstida tok Bolstad i bruk ein god gamal papirpose, som han bles opp og small ihop med hendene.

– Det er ikkje uvanleg å bruka startpistol, men eg landa på at det ikkje var så gunstig å ha med pistol på ein skule, så eg gjekk for papirpose, seier Bolstad muntert.

Uventa konklusjon

Med for lang etterklang blir det fort bråkete, og stressande både for lærarar og elevar. Blir rommet for daudt går det utover talekomforten, og lærarane føler dei må heva stemma for å bli høyrde. Stemmeproblem er ein ikkje uvanleg årsak til sjukemelding blant lærarar.

– Etterklangen bidreg til å forsterka lyd, både lyd du har lyst til å høyra, og bakgrunnsstøy. Det er viktig å finna ein optimal balanse, seier Bolstad.

I oppgåva konkluderer akustikkeksperten altså med at den norske standarden er for streng. Resultatet er at entreprenørane brukar unødige ressursar på å dempa klangen romma.

– Trenden har vore at jo kortare etterklangstid, jo betre. Men tippar det ei viss grense, så går det utover talekomforten, utan at du får særleg att i form av støydemping, seier Bolstad.

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen