Sogndal: Litt før halv to i natt melde politiet på twitter at ein mann i 20-åra hadde fått førarkortet kverrsett etter mistanke om køyring i rusa tilstand.
Så langt gjenkjenbart, men del to av meldinga er heller uvanleg. Den mistenkte ringte nemleg sjølv inn og melde frå til politiet.
– Vi veit ikkje heilt kvifor han gjorde det, seier Bengt Ness, operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt i Florø.
Les også: Han køyrde i 130 km/t. Så dukka politiet opp i bakspegelen
Les også: Politiet etter tunnelstenging: – Viste seg å vere ein plastpose
Han innrømmer at slike episodar høyrer til sjeldanheitene. Men detaljane rundt vil han ikkje avsløre før saka har blitt etterforska.
– Vi kan ikkje gå ut med det. Det kan hende du får vite meir om ein dag eller to viss du snakkar med politiet i Sogndal, seier han.
Operasjonsleiaren vil heller ikkje spekulere i om den angrande syndaren kan forvente strafferabatt for å avsløre si eiga ugjerning.
– Det er ikkje eg som dømer, det blir opp til retten, seier Ness.