NYTILSETT: Ingrid Narum frå Sogndal er ny skisjef i Sogn og Fjordane.
NYTILSETT: Ingrid Narum frå Sogndal er ny skisjef i Sogn og Fjordane. (Foto: Rune Fossum/NRK)

Sogndøl med verdscupmerittar blir ny skisjef

Ingrid Narum (36) frå Sogndal er tilsett som ny administrasjonssjef i Sogn og Fjordane skikrins.

Sogndal: Narum tek over stillinga etter mangeårig administrasjonssjef Yngve Thorsen, som går over i ny jobb frå mars. Det skriv skikrinsen i ei pressemelding på sine eigne nettsider torsdag.

Narum er tidlegare langrennsløpar og har blant anna 27 startar i verdscupen, med ein 8. plass som beste plassering. I 2004 var ho ranka som nummer 12 på sprintdistansane.

Ho kjem frå stillinga som plan- og utdanningsleiar i Sogn og Fjordane idrettskrins.

– Eg har eit brennande engasjement for skisporten og ser verkeleg fram til å ta fatt på arbeidet i skikrinsen. Eg vert motivert av å legge til rette aktivitet for barn og unge og eg håpar at mi administrative erfaring og kunnskap frå idrettskrinsen skal komme skiklubbane i Sogn og Fjordane til gode, seier Narum i pressemeldinga.

Krinsleiar Finn Årdal er glad for at Thorsen sin erstattar no er på plass.

– Mange kjenner nok til Ingrid frå tidlegere. Ho er godt kjent i skimiljøet, både som aktiv utøvar på høgt nivå og ikkje minst som trenar for klubb og krins. Utdanninga og kompetansen er solid og vi ser fram til at ho startar opp i jobben, seier han.

Narum startar formelt i stillinga 15. april 2018.

Til toppen