ACTION: Hovudrolleinnehavar Thure Lindhardt spelar kunstnaren Nikolai Astrup i den nye spelefilmen Flammen over Jølster, produsert av sogndølen Einar Loftesnes.
ACTION: Hovudrolleinnehavar Thure Lindhardt spelar kunstnaren Nikolai Astrup i den nye spelefilmen Flammen over Jølster, produsert av sogndølen Einar Loftesnes. (Foto: Paul Iversen)

Sogndøl produserer film om kunstnar Nikolai Astrup med Broen-stjerne i hovudrolla

– Det er fantastisk å spela inn film i heimfylket, seier filmprodusent Einar Loftesnes frå Sogndal.

FILM OM LOKAL KUNSTNAR: Filmprodusent Einar Loftesnes lagar film om kunstnar Nikolai Astrup frå Jølster. Sjølv tykkjer han det er stas å spela inn film i heimfylket. Foto: Handmade Films

Sogndal: Filmprodusent Einar Loftesnes skipar spelefilmen Flammen over Jølster, som fortel historia om kunstnaren Nikolai Astrup. 

Denne veka er filmcrewet på Jølster i Sunnfjord, og ifølgje Loftesnes har dei komen halvvegs i innspelinga av filmen, som kjem på kino neste år. 

– Det er fantastisk å spela inn film i heimfylket. Det er heilt klart at det eg prøvar å få jobba med; å fremja historiar i frå Sogn og Fjordane. Helst Sogn, men no fann me ei historie i Sunnfjord, ler Loftesnes. 

Dansk filmstjerne i hovudrolla

Filmen fortel om livet til kunstnaren Nikolai Astrup, som var kjent for å fremja natur og bygdemiljø i kunsten sin.

– Filmen går inn på kvifor han var slik som han var, og kvifor han laga den kunsten han gjorde, fortel filmprodusenten. 

Hovudrolla er teke opp av ingen andre enn den danske skodespelarstjerna Thure Lindhardt, kjent frå blant anna TV-serien Broen, som var ein stor hit i Noreg. 

Saka held fram under biletet. 

LIKNAR: I sminke er Thure Lindhardt særs lik på kunstnaren frå Jølster, Nikolai Astrup. Foto: Paul Iversen

Lindhardt er mest kjent som Henrik frå Broen, men har òg spelt i blant anna thrilleren Engler og Demoner, og bilfilmen Furious 6, frå den superpopulære actionfilmserien Fast & Furious.

– Det er jo heilt fantastisk, Thure er ein skodespelar av eit veldig høgt nivå. Han er jo veldig lik, som er viktig, men ikkje minst så er han ein strålande skodespelar, seier Loftesnes. 

Film om Astrups liv

Loftesnes som tidlegare har produsert skrekkfilmen Villmark 2, også i heimfylket, i Luster. som har ansvar for alt det praktiske kring filmen, fortel at det allereie ligg tre år med arbeid bak filmen.

Det heile starta då regissør Pål Øie vart invitert til ein prat med ordførar for Jølster Oddmund Klakegg (Sp) om å få til ein film om kunstnaren Nikolai Astrup, som budde i Jølster.

– Det går veldig bra. Me har vore her i mange rundar sidan me filmar heile hans liv. Me har filma både vinter og vår, og no skyt me sommar. Så kjem vi att i september for å filma haust.

Saka held fram under biletet.

LIKNAR: I sminke er Thure Lindhardt særs lik på kunstnaren frå Jølster, Nikolai Astrup. Foto: Paul Iversen

Øie og Johan paulsen, har tidlegare laga ein dokumentar om kunstnaren Lars Hertervig kalla Lysets Vanvidd, for nokre år sidan.

Skryt av Jølstringane

– Det er heilt fantastisk å spele inn film her i Jølster, heile lokalsamfunnet stiller opp. Det er ein lokal dugnad her oppe for å få det til, det hadde aldri gått utan dei, seier Loftesnes. 

Han fortel at dei lokale har stilt opp med omlag 260 statistar ikledd tidsriktige kostymer, samt rekvisittar. 

– Det er nesten ein lokal dugnad. Det hadde ikkje gått an å laga filmen utan hjelpa og ikkje minst engasjementet til dei lokale, sler han fast. 

Til toppen