GRUNDER: Tord Are Meisterplass fann opp eit produkt som gjer at rullestolbrukarar kan gå på do åleine. No er det tilgjengeleg via Nav.
GRUNDER: Tord Are Meisterplass fann opp eit produkt som gjer at rullestolbrukarar kan gå på do åleine. No er det tilgjengeleg via Nav. (Foto: Solveig Svarstad / NRK)

Sogndøl sitt produkt for rullestolbrukarar er no tilgjengeleg via NAV

Tord Are Meisterplass frå Sogndal blei avhengig av rullestol etter ei skiulykke i 2015. Han vart lei assisterte dobesøk og fann opp hygieneverktøyet Dignum.

Sogndal: Produktet gjer at rullestolbrukarar kan gå på do åleine, og blant anna sette avføringsmiddel sjølve. 

No er produktet tilgjengeleg via Nav, skriv NRK Sogn og Fjordane

– Dette er ein stor siger. Motivasjonen var at andre skulle klare seg på same måte, sa Meisterplass til avisa. 

Fekk grunderstøtte

Produktet var utvikla av Meisterplass og selskapet Independence Gear frå Sogndal. Produktet Dignum er ei tong med kamera, lys og skjerm som brukast under dobesøk.

I november mottok dei 370.000 kroner i støtte av Designdrevet Innovasjonsprogram (DIP). 

– Å vektleggja brukarane sine behov for å fremja innovasjon, er viktig for omstillinga av norsk næringsliv. Det er ei rekke spanande prosjekt som no får stønad til å bruka design i innovasjonsprosessen, sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) då. 

Til toppen