Sogndal/Skei: – Veldig kjekt å få tilliten, seier den nyvalde leiaren i ei pressemelding.
Vikøren er utdanna tømrar og bur i Sogndal, men er opphavleg frå Lillesand på Sørlandet. Han fullførte 4H-løpet med plaketten i 2005 og har sidan då vore aktiv på ulike måtar, mellom anna som klubbrådgjevar og medlem av fylkesstyret.
– Eg gler meg veldig til det nye 4H-året, med dei utfordringane som leiarvervet har å by på. Det er ei stor oppgåve. Og ikkje minst ser eg fram til alle dei kjekke arrangementa som skal skje, seier han.
Årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane på Skei samla 130 utsendingar. Kenneth Solstad (20) frå Bergrosa 4H i Luster vart valt inn som nytt styremedlem.
4H Sogn og Fjordane har rundt 1500 medlemmer mellom 10 og 18 år fordelt på 71 klubbar spreidd over heile fylket