TERRENGSYKKEL: Johannes Lund susar ned stien under Enduro World Series i Italia i fjor.
TERRENGSYKKEL: Johannes Lund susar ned stien under Enduro World Series i Italia i fjor. (Foto: Yaroslav Alpizar Zhurav (instagram.com/yazalpizar))

Kauping suste inn til ein femteplass i Norgescupen i terrengsykling

Johannes Lund frå Kaupanger elskar å driva med terrengsykling.

Sogndal/Nesbyen: Under Noregscupen i terrengsykling sykla 24 år gamle Johannes Lund inn blant landstoppen, og fekk ein 5. plass.  

Enduro Cup vart arrangert i Nesbyen førre helg og bestod av seks nedoveretappar på tid. Det var òg blindkøyring, som er når syklistane ikkje får prøvekøyra løypa på førehand.

– Denne runda var det blindkøyring, og då må ein ta litt hensyn og lesa terrenget. Det krevar at ein tek linjene på sparket, for ein vil jo køyra dei beste linjene i terrenget og det som går fortast, seier Lund. 

På grensa til farleg 

Fire av etappane var i høgfjellet, og to av dei var nærmare sentrum på Nesbyen.

– På siste etappen vart det målt ein fart 55 km/t på sti, som er ekstremfart, ifølgje Lund . 

– Det høyrest ut som litt av eit it adrenalinrush?

– Ja det er det utan tvil, det trur eg me kan slå fast. Det er jo litt av det som gjer det så kjekt, at ein ligg på grensa til at det er farleg, seier Lund. 

Han fortel at ein må legga opp ein strategi for slik køyring.

– Når me køyrer seks etappar og totaltida ligg på 20 minutt så kan ein ikkje gå all inn. Du skal halda ut heile dagen, og køyrer du over grensa så trynar du. 

Knakk kragebeinet 

Denne gongen enda det med ein god 5. plass for Lund, noko som kan reknast som ein sterk prestasjon ettersom han berre har drive med terrengsykling i fire år, og ikkje minst med tanke på at han brakk kragebeinet i mai. 

– Eg deltok på Enduro World series i Italia i fjor, og gjorde det bra. Tanken var at eg skulle gjera det endå betre i år, men så knakk eg kragebeinet på trening. Så det gjorde jo til at sesongen blei litt annleis enn eg hadde tenkt, seier han. 

Det førte til tre månader utan sykling. 

– Eg gjekk i to månader med armen i fatle og dreiv med litt opptrening, før eg byrja å konkurrere i slutten av juli. Eg mista ganske mykje sykling i sommar. 

Jamvel klarte han å landa i Noregstoppen på Enduro cup i helga. Det er ikkje tvil om at han har lidenskap for sporten han driv med.

– Det er det kjekkaste eg veit. Samstundes har Sogndal veldig bra sykkelterreng, ein av dei beste stadene i landet. 

Nøgd med eigen prestasjon 

Sjølv er han nøgd med eigen prestasjon. 

– Eg er veldig nøgd. Eg ser at eg no har kome opp på eit nivå der eg er blant landets beste. Det var ein svenske som vart nummer tre, så eg er jo den fjerde beste i Noreg. 

Til vanleg er han lærarstudent i Sogndal, og er snart ferdig med det fjerde og siste året. Men det betyr ikkje at han har tenkt å slutta med terrengsykling. 

– Eg tykkjer det er veldig kjekt å kunne levera eit slikt resultat som i helga. Eg tykkjer eg leverte bra, og køyrde jamnt og fint gjennom heile dagen. Det gjev heilt klart motivasjon til å halda fram.  

Sesongen for terrengsykling går over heile sommaråret. Han byrjar tidleg i mai og avsluttar med Noregscupen i midten av september på Hafjell. 

– Det skal eg delta på, avsluttar Lund. 

 

 

Til toppen