J19-TROPPEN: Thea Bjelde, til høgre, skal kjempa saman mot Sverige og Island saman med J19-landslaget i august/september.
J19-TROPPEN: Thea Bjelde, til høgre, skal kjempa saman mot Sverige og Island saman med J19-landslaget i august/september. (Foto: Arkiv)

Sogndøl teken ut på J19-troppen til landslaget

Thea Bjelde skal møta Sverige og Island saman med landslaget i haust.

Sogndal: 18 år gamle Thea Bjelde frå Sogndal er teke ut på det nye J19-landslaget i fotball, melder Norges fotballforbund (NFF) på heimestaden sin. NRK omtalte først saka. 

Den nye troppen skal møta Island og Sverige under ei landslagssamling i Sandefjord i månadsskiftet august/september. 

Bjelde som spelar for bergensklubben Arna-Bjørnar til vanleg, har spelt 39 kampar for landslaget. 

– Stammen i troppen var med i sommerens EM-sluttspill og de får en viktig oppgave med å overføre den erfaringen og kunnskapen de har til de nye spillerne som kommer opp fra J17-landslaget, seier Nils Lexerød, landslagstrenar for J19, til NFF.

Elise Thorsnes skal kjempa for norsk VM-plass

SKAL KJEMPA OM VM-PLASS: Elise Thorsnes frå Leikanger, skal saman A-landslaget kjempa om plass i VM-sluttspelet i Frankrike neste år. Foto: Arkiv

Tidlegare denne veka annonserte NFF også at Elise Thorsnes (30) frå Kaupanger, skal vera med å kjempa for norsk VM-plass i Frankrike neste år, saman med A-landslaget.

For å sikra seg plass i VM-sluttspelet må Noreg vinna mot både Slovakia 31.august og Nederland 4.september.

Thorsnes, som spelar for den amerikanske klubben Utah Royals FC, har spelt heile 115 kampar for landslaget. 

Til toppen