NY KOMMUNLSJEF: Odd Einar Fimreite er tilsett som kommunalsjef for oppvekst og kultur i Årdal kommune.
NY KOMMUNLSJEF: Odd Einar Fimreite er tilsett som kommunalsjef for oppvekst og kultur i Årdal kommune. (Foto: Privat / Arkiv)

Sogndøl tilsett som ny kommunalsjef i Årdal: - Gler meg stort

Odd Einar Fimreite er tilsett som kommunalsjef for oppvekst og kultur i Årdal kommune.

Årdal: Odd Einar Fimreite (55) frå Sogndal har takka ja til ny jobb i Årdal.

Kring 1.april vender han nasen heim til Sogn for å ta fatt på jobben. For no bur han nemleg i Ørsta og jobbar som rektor ved Vikemarka skule. 

– Eg gler meg stort. Det er spennande folk og fagområde å jobba med, så det ser eg fram til, seier Fimreite til Porten.no. 

Lang erfaring

Fimreite er lærarutdanna og har jobba innan skuleverket i mange år. Blant anna har han jobba som inspektør ved Farnes skule i Årdal mellom 2006 og 2007. 

I tillegg har han jobba hjå fylkesmannen og fylkeskommunen innan utdanning. Før jobben som rektor ved Vikemarka skule, var han skulesjef i Stryn. 

– Kva tankar har du gjort deg kring å bli kommunalsjef? 

– Eg har ikkje gjort meg opp så mykje tankar. Å uttala seg før ein har starta i jobben er vanskeleg, men det er eit spennande og stort fagområde, seier Fimreite.

Vender nasen heimatt

Fimreite beskriver seg sjølv som ein sogndøl som busette seg i Ørsta. No er han klar for å venda nasen heimatt til Sogn. 

Til trass for arbeidsplass i Årdal, vil han ha adresse i Sogndal. I alle fall i første omgang. 

– Me har budd i Ørsta i snart seks år. Og no når borna våre er tenåringar og snart ferdige med vidaregåande, fann me ut at me ville tilbake til Sogndal, forklarer han. 

Fimreite flyttar først, sidan arbeidet startar i april.

– I første omgang har eg hus i Sogndal, og kjem til å pendla til arbeidet. Så får me sjå korleis det blir etter kvart, og om det blir hus i Årdal.

Til toppen