Sogndal: – Eg er glad for at eg har blitt rektor, for eigen del og for høgskulen. Eg er veldig takksam for styret sin tillit, og også frå alle som har oppmoda meg til å søke. Eg har fått oppmoding og heiarop frå tilsette i Bergen, Stord, Haugesund, Sogndal og Førde. Noko som gjer meg særleg glad er at eg hadde så gode og sterke konkurrentar, seier Gunnar Yttri (53) i ei pressemelding.
Yttri kjem frå stillinga som førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsvitskap ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Han underviser i historie og forskar på utdanningspolitikk og fornybar energi og lokalsamfunn.
Godt nøgd
– Vi er svært godt nøgd med tilsetjinga av Gunnar Yttri som den nye rektoren ved Høgskulen på Vestlandet, seier styreleiar Arvid Hallén.
Han meiner Yttri er den rette kandidaten til å ta Høgskulen på Vestlandet vidare med dei måla og ambisjonane institusjonen har sett seg.
Gunnar Yttri har vore tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sidan 2004 og har vore dekan i to periodar ved Avdeling for samfunnsfag. Yttri blei medlem i interimstyret ved Høgskulen på Vestlandet hausten 2016 og er i dag inne i sin andre periode som medlem i høgskulestyret.
Gunnar Yttri er dr.philos. i historie frå Universitetet i Oslo.