STERK PRESTASJON: Grethe Maren Myklebust (til venstre) gjorde det skarpt under Nordisk for veteranar i helga.
STERK PRESTASJON: Grethe Maren Myklebust (til venstre) gjorde det skarpt under Nordisk for veteranar i helga. (Foto: Privat)

Sogndølen hanka inn medaljar på nordisk veteranmeisterskap i friidrett

Men norgesrekorden glapp akkurat.

Sogndal: Grethe Maren Myklestad frå Sogndal tok to gull, fem sølv og ein bronse i Nordisk meisterskap i friidrett for veteranar i Sverige i helga.

Ho deltok i 75-80 årsklassa. Dei to gulla kom i slegge og stafett. I mangekamp vart det sølv. 

– Eg bomma litt på diskosen i mangekamp, som gjorde at eg ikkje fekk ny norsk rekord. Ellers er eg veldig godt nøgd med resultata, seier Myklestad.

Tøft program

Heile 149 utøvarar representerte Norge i konkurransen. Til saman var det rundt eit halvt tusen deltakarar.

– Det var heilt fantastisk vêr og eit godt arrangert stemne, seier Myklestad.

At veteranmeisterskap ikkje er for pingler vert klart straks ho ramsar opp kva ho har konkurrert i. Først har du mangekamp, som består av fem kastøvingar med tre forsøk i kvar. Så har du dei same kastøvingane ho tok del i individuelt, pluss tresteg og stafett.

– Det er ganske tøft, seier ho.

Kort veg til Kvåle

For å halda forma ved like trenar ho styrke to gongar om veka, og har to økter med kasttrening.

– Du må halde på heile tida, diverre. Heldigvis bur eg rett over bana, og kan kasta når det er ledig. Eg har det veldig kjekt, seier Myklestad.  

Du skulle gjerne tru at teknikken etter kvart sat som den skulle. Men i takt med at du stig i klassane, får du òg lettare reiskap å kasta med. Det krev mindre styrke, men meir hurtigheit, og dermed òg meir teknikk.

– Difor må me øva mykje meir, seier Myklestad.

Til toppen