Sogn: I eit møte fredag løyvde politikarane i Vestland 6,3 millionar til 17 kulturbygg i fylket. Samstundes er dei skuffa over statlege kutta i ordninga, og ber ministeren kome på bana.
– Me skulle gjerne hatt veldig mykje meir pengar å dela ut. Behovet er enormt i heile Vestland når me ser mengda med søknadar, seier Stian Davies, leiar for hovudutvalet for kultur, idrett og integrering, i ei pressemelding.
Han fortel at staten har kutta kraftig i spelemidlane til kulturbygg dei siste åra, noko som gjer at det er mindre i potten som fylket skal dela ut frå.
Av bygga som fekk støtte fekk Sogndal kulturhus mest med 750 000 kroner.
Desse kulturbygga frå Sogn får støtte i 2020
- Gunnar S. Galleri, Høyanger: 500 000 kroner
- Mollandsmarki grendahus, Luster: 54 000 krroner
- Sogndal kulturhus, Sogndal: 750 000 kroner
- Solvang ungdomshus, Årdal: 223 000 kroner