STJERNESKOT: Lise-May Sæle (20) frå Balestrand blir ein viktig kandidat for Vestland Høgre i valkampen, dersom sogndølene får det som dei vil. Foto: Privat.
STJERNESKOT: Lise-May Sæle (20) frå Balestrand blir ein viktig kandidat for Vestland Høgre i valkampen, dersom sogndølene får det som dei vil. Foto: Privat. (Foto: Privat)

Sogndølene vil ha 20-åring frå Balestrand på fylkestinget til nye Vestland

Tjue år gamle Lise-May Sæle frå Balestrand blir løfta fram som den heitaste Høgre-kandidaten frå nye Sogndal kommune til fylkestingvalet i 2019. «Gamle» Sogndal har ingen på lista.

Sogndal: – Ho er ung, ho er dyktig, ho har tid og ho vil, seier gruppeleiar Einar Vatlestad i Sogndal Høgre om kvifor dei vil kjempa for 20-åringen frå Balestrand fram mot fylkestingvalet i 2019.

Mirijam Yasmin Bale frå Balestrand og Solfrid Fossberg frå Leikanger har òg takka ja til å stå på lista. Men ingen frå Sogndal, storebroren i samanslåinga.

TAKTISK: Einar Vatlestad frå Sogndal Høgre vil heller sikra seg at dei får Lise-May Sæle inn på lista, enn å spela inn mange kandidatar som vil stela stemmer frå kvarandre. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Det er viktig at me ikkje driv og kjempar innbyrdes, for det er nye Sogndal kommune som gjeld no, seier Vatlestad.

Satsar på to frå nye Sogndal

Han seier dei kunne ha nominert tredve kandidatar, om det hadde vore om å gjera. Men då kunne dei risikert at desse stal stemmer frå kvarandre i neste runde av nominasjonsprosessen.

– Grunnen til at me har få, er at me vil prioritera dei kandidatane me ønskjer å få inn. Har me flaks så får me inn to, seier han.

I tillegg til Sæle, er håpet er at Solfrid Fossberg frå Leikanger kan få ein plass som representant for både Senior Høgre og nye Sogndal på fylkestinget. Fossberg er i dag fylkesleiar for Senior Høgre.

Sjølv er Sæle glad for at ho blir satsa på.

– Det er ei stor tillitserklæring. Eg er veldig glad for å vita at eg har støtte i Sogn, seier ho.

Sjølv om ho er ung har ho brei politisk erfaring. Ho sit i kontrollutvalet til Sogn og Fjordane fylkeskommune, leiar programnemnda til nye Sogndal Høgre, er medlem i programnemnda til Vestland Høgre, ho er 2. vara på både Stortinget og fylkestinget, og 3. vara i kommunestyret i Balestrand. 

Fryktar ikkje tapte Sogndal-stemmer

Vatlestad er ikkje redd for at det strategiske grepet kan føra til at partiet vil tapa Sogndal-stemmer til fylkestingvalet neste år.

– Ikkje i det heile tatt. Det er viktig at me kan sjå framover og tenka på Sogndal slik som han blir, ikkje slik som han er, seier han.

Før han legg til:

– Det er heller ikkje nokon frå Sogndal Høgre på fylkestinget som me har no. No har me ein reell sjanse, seier Vatlestad.

Nominasjonslista innheld 80 namn frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei andre kandidatane frå Indre Sogn er Noralv Distad frå Aurland, Knut Arne Klingenberg frå Årdal, Morten Midlang frå Vik, Geir Arve Sandvik frå Luster og Marta Sofie Vange frå Vik.

Nominasjonsprosessen vil føregå fram til 10. og 11. november, då lista skal vedtakast under eit nominasjonsmøte i Bergen.

Til toppen