VERT OPNA: Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø vert opna att onsdag. Foto: Olav Vee. 
VERT OPNA: Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø vert opna att onsdag. Foto: Olav Vee. 

Sognefjellet er opna att

Medan Tindevegen vert opna seinare onsdag.

Årdal: Fylkesveg 55 over Sognefjellet vart opna att klokka 08.00 onsdag morgon. Vegen har dei siste dagane vore stengt på grunn av uvêr. Vegen vert derimot nattestengt frå 20.00 til 08.00.

Også på Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø vert det opna att onsdag. 

Tysdag ettermiddag skreiv dei på si Facebook-side at dei startar fresing onsdag morgon og satsar på å opne i løpet av ettermiddagen eller kvelden.

Komande helg skal det vera konfirmasjonar mange stader, og Frank Eldegard i Tindevegen seier dei skal gjere alt dei kan for prøve å halde vegen open.

Til toppen