REDUSERT SIKT: På fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland ser det slik ut fredag morgon. Sognefjellet er stengt. Foto: Statens vegvesen/Webkamera.
REDUSERT SIKT: På fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland ser det slik ut fredag morgon. Sognefjellet er stengt. Foto: Statens vegvesen/Webkamera.

Sognefjellet er stengt – glatt i fjellet

Fredag er det venta vanskelege køyreforhold i fjellet.

Sognefjellet: Allereie fredag morgon vart fylkesveg 55 Sognefjellet stengt på grunn av det dårlege vêret som no er over fjellovergangane i Sogn. Her vert det gjort ei ny vurdering klokka 12.00, melder Vegvesenet.

Også turistvegen over Aurlandsfjellet er stengt på grunn av vêret. Det same er Tindevegen over til Turtagrø frå Årdal, men på dei andre fjellovergangane er det førebels ope.

På Filefjell er det fare for glatte parti, medan over Hemsedalsfjellet er det snødekke. 

På fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er det stadvis redusert sikt, og også på fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal snør det kraftig. 

Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel for bilistar som skal over fjellet før helga. Mykje nedbør og kraftig vind vil gjera køyreforholda vanskeleg. 

Til toppen