OPNAR ATT: Tindevegen og Sognefjellet vert opna att søndag etter å ha vore stengt på grunn av uvêr. Foto: Olav Vee.
OPNAR ATT: Tindevegen og Sognefjellet vert opna att søndag etter å ha vore stengt på grunn av uvêr. Foto: Olav Vee.

Sognefjellet opna att

Både Tindevegen og Sognefjellet vart opna søndag føremiddag. 

Årdal: Vêret i fjellet har roa seg, og både Tindevegen og Sognefjellet vert opna søndag føremiddag. På grunn av sterk vind vart vegane stengt laurdag. 

Tindevegen skreiv på si Facebook-side at vegen skulle opna rundt 11.00, men på grunn av ei utrasing tok arbeidet litt lenger tid. Like før 12.00 nærma fresen seg Turtagrø.

Sognefjellet vert også opna i dag, men dette vert stengt i natt frå 20.00 til 08.00, melder Statens vegvesen. 

Til toppen