Fjellovergangane: Vegvesenet oppmodar no folk som skal over fjellovergangane mot austlandet om å ikkje utsetja turen, for uvêret skal verkeleg slå til i natt, skriv NRK.
Rikskringkastinga opplyser òg om at båt- og flytransport kan verta innstilt.
– Det er greie køyretilhøve over Sognefjellet no, og heller ikkje noko særleg vind, sa Ketil Molvær frå Vegtrafikksentralen til Porten.no i dag tidleg, torsdag.
Som ein ser på biletet, er det snø- og isdekke over Hemsedalsfjellet, Riksveg 52. Det er det også på dei andre fjellovergangane mot aust. Men på alle fjellovergangane frå Sogn vert det elles meldt om opphaldsvêr og lite vind.
På Twitter har meteorologane sendt ut OBS-varsel om vanskelege køyretilhøve frå 600 meter over havet for i dag og i morgon.
Vind og snø gir vanskelige kjøreforhold over 600 meter torsdag og fredag på #VestlandetSørforStad pic.twitter.com/jsAKDk6l73
— Meteorologene (@Meteorologene) 15. november 2017
I kveld blæs det opp, og mindre snøfonner kan koma ut i vegbanen
Ut mot kvelden i dag, i natt og i morgon skal det blåsa opp og koma mykje nedbør, og det kan byda på vanskar for bilistane.
– Sikta vert dårleg, og det vil truleg skavla seg i vegbanen, seier Molvær frå Statens Vegvesen.
Når slike snødriver blæs ut i vegbanen, vert det gjerne til at bilane køyrer rundt dei og soleis over i motsett køyreretning. Slikt kan det oppstå farlege situasjonar av, åtvarar han. Likeins kan det vera risikabelt å køyra i full fart over desse snøskavlene som har kome ut i vegbanen, seier han.
Vinden og snøfalla som ventar kan òg føra med seg eit anna mogleg problem for bilistane:
– Me vil kunna få eit polert snødekke på vegane, og då slit dei piggfrie dekka. Snøen fyller opp porane i dekka, og då er det ikkje noko lenger som strekar oppunder.
Molvær fortel at når dekka vert polerte slik, so skyv ein gjerne berre snøen framom seg når ein bremsar. Han oppmodar bilistane om å vere varsame over fjellovergangane i kveld, natt og i morgon.