Tide ser på det som eit samfunnsansvar å kunna tilby enkel transport mellom Sogn og Bergen, der endestoppet er Haukeland sjukehus.
Tide ser på det som eit samfunnsansvar å kunna tilby enkel transport mellom Sogn og Bergen, der endestoppet er Haukeland sjukehus.

Sognefjordekspressen startar opp igjen

No vil dei starte opp med same tilbod som før på buss mellom Sogn og Bergen. Det skriv Tide i ei pressemelding.

Sogn: Med den gradvise opninga av samfunnet, ser Tide behov for å starta opp igjen med ekspressbussen mellom Sogndal og Bergen. Selskapet har hatt korona-pause sidan 16. mars.

– Sidan skular og barnehagar opnar forsiktig opp, og sjukehus tar opp igjen mange utsette avtalar og operasjonar, har vi beslutta å starta opp ruta igjen, sa produktsjef i Tide, Svein Helge Hauge, i pressemeldinga.

Då samfunnet «stengte ned» i midten av mars forsvann tilnærma alle passasjerane på Sognefjordekspressen over natta. 

No startar dei opp med same rutetilbod som før koronapausen med avgang tidleg på dagen frå Sogndal til Bergen, og ein avgang på ettermiddagen frå bergen til Sogndal. 

Ruta er tilpassa slik at det skal vere høve til å gjennomføre ein dagstur tur/retur, med høve til å rekka møter, avtaler og andre ærend i Bergen på dagtid og rekke tilbake til Sogn same dag.

Bussruta korresponderer med anna kollektivtransport i regionen på viktige knutepunkt langs traséen, slik som Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Luster. Den passerer Voss, og har fleire stopp langs E16 mellom Voss og Bergen. 

Tar tiltak mot smitte 

Tide har på øvrige ekspressbussar innført strenge begrensingar i koronapandemien på tal passasjerar om bord og har intensivert reinhaldet om bord for å sikre både dei reisande og sjåfør mot smitte. 

Dei har òg stoppa med all kontantbetaling, og ein må sitte med god avstand til kvarandre, og kun bruke bakre inngang på bussen.

– Alle disse tiltakene vil også gjelde på Sognefjordekspressen framover, slik at alle kan føle seg trygge på reise med ekspressbussen, skriv dei i pressemeldinga.

Til toppen