Årdal: Det var klart for Målrock dag to, og første artist ut var ingen ringare enn sognejenta Eva Weel Skram.

Trass i at klokka berre var sju, var det langt i frå mangel på publikum.
– Det er alltid spanande med å vera første artist, ein kan risikere at det ikkje kjem så mange, men visst dei kjem så veit du at dei kom for deg, seier Skram lattermildt til Porten.no.
Skram: – Ein eigen kjemi
Før dei spelte nest siste song spøkte Eva med at dersom dei skulle koma ut å spela heilt siste song, måtte publikum guffa på med applaus og jubel. Det gjorde dei, og endå litt til.
For etter siste song, og konserten eigentleg var ferdig guffa publikum opp. «Eva, Eva,» vart ropt, og «ein til, ein til» klang blant publikum.
Eva snudde seg til scenesjefen og haldt opp handa med ein finger opp i spørsmål. Ein til?

Så sat ho seg med pianoet og spelte Evig eies kun et dårlig rykte av Henning Kvitnes og allsangen ljoma mellom fjell og fjord.
– Det var så kult! Det var ein eigen kjemi mellom oss på scena og publikum. Det var så stille på Vi Lovar, og det gav meg berre ein heilt utruleg følelse, seier ho med eit breitt smil.
Det var ei tydeleg rørt Eva som gjekk av scena.