Sogndal: Gunn Marit, 16, har lang erfaring frå scena. Ho har tidlegare opptrådt saman med Jarle Bernhoft, Olav Stedje og Tone Damli.
Ho vann Melodi Grand Prix som 10-åring i 2012, og vann tittelen Norsk countrytalent i 2015.
I kveld kan du sjå ho som deltakar i Idol, skriv Sogn Avis.
TV2 opplyste til avisa at Gunn Marit Kvåle spelte låta Mother av Kacey Musgraves på audition i Bergen.
Dommarpanelet består av tidlegare artist Gunnar Greve, musikkprodusent Silje Larsen Borgan og Tshawe Baqwa frå Madcon
Fekk skryt av Bernhoft

I mars i år var Gunn Marit å sjå på Meieriet i Sogndal. På scena saman med henne stod ingen ringare enn supertalentet frå Nittedal, Jarle Bernhoft.
Gunn Marit og Bernhoft opptrådte med sangen Buried Gold, ein duett originalt spelt med amerikanske Raelee Nikole.
– Det var ikkje før under lydprøva at eg fekk høyra ho synga. Eg blei berre heilt mållaus, sa Bernhoft til Porten.no etter konserten.