DET GULE TAPETET: Marte Paulsen (bak veggen) og Berit Einemo Frøysland i teaterførestillinga på Harastølen.
DET GULE TAPETET: Marte Paulsen (bak veggen) og Berit Einemo Frøysland i teaterførestillinga på Harastølen. (Foto: David Zadig)

Sognejentene Berit og Marte går frå teater på Harastølen til landets største scenekunstfestival

Berit Einemo Frøysland frå Lærdal, og Marte Paulsen frå Luster gjer suksess med skodespelet "Det Gule tapetet".

Bergen/Sogn: Norway Fringe Festival er landets største scenekunstfestival. Neste helg går den av staben i Bergen, og i samband med den skal sognejentene Berit og Marte opptre på Cornerteateret med teaterførestillinga som fyrst såg dagens lys på Harastølen.

– Eg var ikkje klar for å gi slipp på Det Gule Tapetet etter siste forestillinga på Harastølen, så eg vart utruleg glad då eg fekk høyre at me skulle få sette det opp i Bergen òg, seier Paulsen.    

SKREKKTEATER: Marte (på biletet) spelar kvinna via ord på eine sida, medan Berit uttrykker kjenslene via dans på andre sida. Foto: David Zadig

Ho er skodespelaren i stykket som representerer kvinna på den eine sida av tapetet. Frøysland spelar same rolle, men på ein heilt annan måte.

– Mi rolle går ut på å spele karakteren gjennom dans. Eg og Marte spelar same rolle, men i to ulike former: ho er skodespelar, medan eg er dansar. Me jobbar med mykje av det same, men i mitt uttrykk er det lagt meir vekt på det fysiske aspektet, seier Frøysland. 

Ei spesiell stemning på Harastølen 

Begge to tykte det var ei mektig oppleving å få vera ein del av teaterframsyninga på Harastølen. 

TEATER: Berit, med regissør Jeff Pedersen i bakgrunn. Foto: David Zadig

– Det er ei stor oppleving berre å kome opp dit og sjå sjølve bygget, så det å faktisk få spele inne på Harastølen sette eit stort preg på førestillinga, seier Paulsen.

Frøysland er einig. 

– Det gjev veldig mykje til ein utøvar, og det medfører òg at publikum trer inn i rommet med ei heilt spesiell stemning. Det gjorde til at det vart ein veldig fin konsentrasjon for det som gjekk føre seg på scena.

Var ikkje klar for å gje slepp på karakteren

No ser dei begge fram til å ta med seg stykket til Bergen. Med seg på scena har dei òg sognejentene Anna Einemo Frøysland - syster til Berit, og Helga Farestveit. 

– Det skal bli spanande. Eg er glad for at me får gjere førestillinga att. Ein knyter seg til karakteren ein spelar, og eg er ikkje klar for å gi slepp på ho enno, seier Frøysland.

TEATER: Marte Paulsen. Foto: David Zadig

Heller ikkje Paulsen er klar for å gje slepp på rolla som kvinna med fødselsdepresjon, stengt inne i eit rom med ein gul tapet. 

– Denne forestillinga er verkeleg noko for seg sjølv, så eg håpar folk tek seg turen.
No blir jo forestillinga under heilt andre omgivnader enn på Harastølen, men me får berre ta med det Harastølen gav oss, og bringe det til Cornerteateret. 

Sit på god erfaring 

Paulsen er nyleg utdanna skodespelar frå Bårdar Akademiet i Oslo, medan Frøysland er utdanna dansar ved Balettakademien i Stockholm og SpinOff forstudium i dans.

– No har eg budd to år i Berlin, og jobbar internasjonalt med dans og scenekunst i ulike format. Eg er glad i å skrive, og knyt ofte tekst til arbeidet i dansen. Saman med Anna Einemo Frøysland, syster mi som òg er dansar, skapar eg også eigne koreografiske verk, fortel Frøysland. 

Begge er einige om at det blir annleis å spela stykket i Bergen, enn det var på Harastølen.

– Det er klart at det blir noko heilt anna enn på Harastølen, men kvart bygg har sin eigen historie og kan tilføre noko nytt til stykket. Så skal det jo bli praktisk å berre spasere rett inn utan å måtte køyre opp den kronglete grusvegen til Harastølen kvar dag, seier Frøysland. 

Drøymer om å leva av dans og skodespel 

Det er liten tvil om at dei begge er motiverte og engasjerte på sin veg mot å nå draumane sine, og draumar er det mange av. 

DANSAR: Berit Einemo Frøysland. Foto: David Zadig

– Eg har så mange. Den største er å ha ein kvardag der eg jobbar med dans og kunst på heiltid. Eg vil uttrykkje meg som utøvar og koreograf og jobbe med andre på tvers av kunstformar, seier Frøysland.

Paulsen på si side drøymer om å kunne leva av yrket sitt som skodespelar.

– Etter Harastølen har eg teke meg litt fri, men no er eg tilbake i Oslo, går på auditionar, og leitar etter jobb, seier ho. 

Til toppen