MINDRE VERDT: 46 millionar kroner har forsvunne frå kraftkommunane i Sogn med eit knips. Foto: arkiv.
MINDRE VERDT: 46 millionar kroner har forsvunne frå kraftkommunane i Sogn med eit knips. Foto: arkiv. (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Sognekommunane krev å få tilbake tapte kraftinntekter

Har sendt felles brev til Stortinget.

Aurland: Nye verdifastsetjingar av kraftverka gjer at kommunane i Sogn mister 46 millionar i inntekter frå eigedomsskatt til neste år.

– Me synst ikkje det er rett, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

No har Sogn regionråd sendt brev til Stortinget der dei krev endringar som gjer at kraftkommunane unngår det dramatiske fallet i inntekter.

– Me har visst at kraftprisane kjem til å gå ned, men me meiner at verdien på kraftverka ikkje har gått ned så mykje som taksten no tyder på. Det er snakk om at kraftverka i Norge har gått ned 54 milliardar i verdi på eitt år, seier Distad.

Les også: Mistar 20 millionar kroner i eigedomsskatt
Les også: – Kommunane leikar ikkje butikk

Aurland må bu seg på å få 12 millionar mindre enn forventa inn i kommunebudsjettet. Ordførar Noralv Distad seier tala er dramatiske og håpar difor Stortinget tek tak i saka og gjer dei naudsynte endringar

– Me håpar at det blir gjort allereie for 2017, seier han.

Til toppen