GÅR SAMAN: Dei tre sognekommunane Vik, Sogndal og Luster jobbar for å få i stand ein avtale som sikrar lokalt aksjefleirtal i Sognekraft. Ordførar Ivar Kvalen i Luster meiner det er viktig å sikra lokal eigarskap og lokale arbeidsplassar.
GÅR SAMAN: Dei tre sognekommunane Vik, Sogndal og Luster jobbar for å få i stand ein avtale som sikrar lokalt aksjefleirtal i Sognekraft. Ordførar Ivar Kvalen i Luster meiner det er viktig å sikra lokal eigarskap og lokale arbeidsplassar. (Foto: RAGNHILD MYKLEMYR / NRK)

Sognekommunar går saman for å verna om aksjefleirtalet i Sognekraft

Avtale skal hindra sal til storebror i Bergen, med mindre alle er samde.

Indre Sogn: Luster Energiverk, og kommunane Luster, Sogndal og Vik har utarbeidd ein aksjonæravtale som skal sikra at dei står samla i utøvinga av eigarrettane i Sognekraft.

Onsdag vart saka handsama i formannskapet i Luster, og tilrådinga vart å godkjenna avtalen.

– Eg meiner det er viktig å sikra at verdiane i Sognekraft i størst mogleg grad blir verande i Sogn óg i framtida. Ikkje berre verdiane, men óg verksemda, som med sine 110 tilsette er ein stor og viktig arbeidsplass, seier ordførar Ivar Kvalen i Luster.

Sognekraft har hovudkontor i Vik, og lokale avdelingar i Sogndal og Balestrand. I 2018 var omsetninga på 579 millionar kroner. 

Vil sikra lokal eigarskap

BKK, det største energiselskapet på Vestlandet, er største aksjonær i selskapet, men dei lokale eigarane utgjer likevel majoriteten med 55,55 prosent av aksjane i selskapet.

Det er denne majoriteten, og maktbalansen, sogningane no prøver å verna om.

– Viss nokon av dei fire partane i Sogn ønskjer å selga aksjane sine, så skal han gå til dei andre sognekommunane først. Dei skal få tilbod om å kjøpa aksjane. Viss det blir aktuelt å selja til nokon andre, utanom dei fire, så skal alle vera einige i det, seier ordføraren i Luster.

Avtalen skal ifølgje forslaget vara i 10 år, med ei oppseiingstid på 3 år. Torsdag er det politikarane i Sogndal som skal gje si tilråding i saka. Avtalen må godkjennast i dei tre kommunestyra før han trer i kraft.
 

 

 
 

Til toppen