GIR PENGAR: Frida Melvær, stortingskandidat for Sogn og Fjordane Høgre, er glad for at regjeringa løyver pengar til Luster kommune, som ønskjer å styrke kvaliteten på heimetenesta til demente.
GIR PENGAR: Frida Melvær, stortingskandidat for Sogn og Fjordane Høgre, er glad for at regjeringa løyver pengar til Luster kommune, som ønskjer å styrke kvaliteten på heimetenesta til demente. (Foto: Høgre)

Sognekommune får pengar til å styrke kvaliteten i omsorgstenesta

Luster er blant kommunane som får tilskot til å gje gode heimetenester til personar med demens.

Luster: Luster er ein av 14 kommunar som får pengar til utvikling av modellar for organisering av heimetenester til personar med demens. Tilskotet er på ein halv million kroner.

Det er venta at det blir fleire eldre i åra som kjem, og at fleire av desse vil få diagnosen demens. For å sikra at personar med demens får høve til å bu lengst mogleg i eigen heim, må ein tenkje nytt innanfor heimetenesta. Det forsøker dei i Luster.

– Det er flott å sjå at Luster har vore offensive og søkt om støtte til prosjektet «Ein innovativ tenestemodell for demensomsorga i Luster kommune». Dette er eit viktig område å sette fokus på, både for den det gjeld, men også pårørande.

Desse kommunane får støtte

  • Alta kommune
  • Asker kommune
  • Bergen kommune
  • Gjøvik kommune
  • Hamar kommune
  • Kristiansand kommune
  • Luster kommune
  • Oslo kommune sykehjemsetaten
  • Randaberg kommune
  • Sandefjord kommune
  • Skånland kommune
  • Songdalen kommune
  • Tynset kommune
  • Vestvågøy kommune

– Korleis ein best mogeleg kan organisere tenestene for denne gruppa er viktig for alle kommunar, og eg håpar dei ulike prosjekta vil gi oss verdifull kunnskap. Eg set pris på at Luster er ein av dei kommunane som vil bidra i dette og ser fram til å høyre meir om erfaringane deira, seier Høgres stortingskandidat Frida Melvær i ei pressemelding.

Andre skal lære

Regjeringa har sett i gang ei eldrereform som heier «Leve heile livet». Her er målet å finna løysingar som fungerer i nokre kommunar og deretter gjennomføra dei fleire stader i landet.

– Å bli ramma av demens er utfordrande, når minnet forsvinn er det fortvilande og skaper utryggleik. Eg håpar dette prosjektet kan bidra til at fleire kan bu heime lengst mogleg, i kjende og trygge omgjevnader. Ettersom det i dag er om lag 77.000 i Norge som er råka av demens og talet aukar er det ekstra viktig å finne måtar å auke livskvaliteten for dei som er råka.

I dag er det ingen kur mot demens, men mykje  kan bli gjort for å leve best mogleg med sjukdommen. Eg er av den grunn svært glad for at Luster blir med i dette prosjektet for å gjere kvardagen for demenspasientar litt betre, seier Britt Dalsbotten (Frp).

Til toppen