Leikanger: Sognekraft opplyser om planane i ei pressemelding torsdag ettermiddag. Samstundes har selskapet inngått avtale med KGAL Investment Management GmbH & co om at dei kjøper Fjærland Kraft AS.
Salet av Fjærland Kraft AS gjev Sognekraft økonomiske musklar til å byggja ut Leikanger i eigen regi.
– Eg er utruleg stolt over at me har fått til denne løysinga, som inneberer at me kan setje i gang utbygginga i Leikanger for fullt no i haust. Gjennom vår satsing kring Fjærlandsfjorden og i Leikanger genererer me aktivitetar for langt over ein milliard kroner, noko som kjem fellesskapen til gode gjennom skatteinntekter og eigarskap. Og produktet er rein fornybar energi, som også framtidige generasjonar får nytte og glede av, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

Fjærland Kraft AS omfattar seks småkraftverk ved Fjærlandsfjorden i Sogndal kommune, med ein samla årsproduksjon på omlag 116 GWh.
Salet av dei seks småkraftverka i Fjærland, som er samla i Sognekraft sitt heileigde dotterselskap Fjærland Kraft AS, inneber at Sognekraft skal drifte og vedlikehalde desse kraftverka for KGAL, og at Sognekraft kan kjøpe Fjærland Kraft AS attende etter 25 år.
Investeringsvedtaket til styret for Sognekraft AS er startskotet for ei av dei største vasskraftutbyggingane i Noreg i dette tusenåret, og er den største satsinga i Sognekraft-regi sidan utbygginga av Årøy kraftverk. Tilrettelegging for tunnelpåslaget i Grindsdalen er allereie igangsett.
KGAL gruppa har sitt hovedkontor i Grünwald utanfor München (Tyskland) og er ein leiande uavhengig kapitalforvaltar med totalt EUR 21,5 mrd. i investert kapital frå over 87.000 investorar.
Gruppa har som hovudformål å forvalte kapital for institusjonelle investorar og har over dei siste 15 åra investert i fornybar energi som sol-, vind- og vasskraft. Desse investeringane er spreidd over fleire land, som Tyskland, Spania, Italia, Storbritannia, Frankrike, Sverige, Finland og Noreg. Det er forventa at transaksjonen vil fullførast våren 2018.