SOGNEKRAFT: Dagleg leiar, Terje Bakken Nævdal, kan presentera nytt namn for nettverksemda til Sognekraft.
SOGNEKRAFT: Dagleg leiar, Terje Bakken Nævdal, kan presentera nytt namn for nettverksemda til Sognekraft. (Bilde: Sognekraft)

Sognekraft sitt nye nettselskap får norrønt namn: – Fortel kven og kvar me er

Sygnir vert det nye namnet på selskapet som omfattar dagens nettverksemd i Sognekraft.

Luster: – Sygnir fortel kven og kvar me er, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft, i ei pressemelding.

Energilova krev at nettverksemda blir skilt ut som eit eige selskap, og det nye regelverket for splitt av merkevare medfører at logo og namn på nettselskapa ikkje skal kunne forvekslast med dei konkurranseutsette selskapa i kraftverksemdene.

Kjem frå Sygnafylket 

Sygnir er den norrøne nemninga på oss sogningar. Sygnir kjem frå Sygnafylket, bygdene og fjordstrøka kring Sognefjorden, det me i dag kallar sogneregionen.

– Slik er Sygnir rotfesta i historien og tradisjonen vår, noko me er svært stolte over. Det utstrålar kraft og styrke. Det er også noko ekte, og er ikkje oppkonstruert av meir eller mindre tilfeldige bokstavar, seier Bakke Nævdal. 

Namnekonkurranse 

Namnevalet Sygnir kom etter ein omfattande prosess med intern namnekonkurranse.

– Eg er veldig glad for at me har funne eit namn dei tilsette stiller seg bak. Det gjev oss både kraft og energi til å gjennomføra namneskiftet på ein god måte, seier Bakke Nævdal. 

Namneendringa på denne delen av Sognekraft skal finna stad i 2021, men nettselskapet Sygnir skal også i framtida vera ein del av Sognekraftkonsernet. 

Kundane vil ikkje merka namneendringa på annan måte enn at dei etter kvart vil sjå logoen og namnet Sygnir på fakturaen, omprofilering av arbeidsklede, arbeidsbilar og ulike bygg som tilhøyrer nettdelen av dagens Sognekraft.

Til toppen