SOGNEKRAFT: Administerande direktør Terje Bakke Nævdal og marknadssjef Trude Undebakke.
SOGNEKRAFT: Administerande direktør Terje Bakke Nævdal og marknadssjef Trude Undebakke. (Foto: Sognekraft)

Sognekraft skal levera krafta til nye Vestland

Det opplyser Sognekraft i ei pressemelding fredag føremiddag.

Indre Sogn: Sognekraft vann konkurransen om å levera kraft til nye Vestland. Avtalen strekkjer seg over to år, med opsjon på ytterlegare to år, og har ein storleik på 140 GWh i året.

– Svært gledeleg og ei stadfesting på at Sognekraft kan konkurrera med kven som helst, seier Trude Undebakke, marknadssjef i Sognekraft.

Sognekraft vann anbodskonkurransen i tevling med store regionale og nasjonale kraftleverandørar. Dette inneber at Sognekraft skal levera og forvalta krafta til det nye storfylket Vestland frå 1. november i år.

Gjeld i første omgang to år 

Avtalen gjeld i første omgang for to år, med opsjon om forlenging i ytterlegare to år. I tillegg til leveranse av kraft til alle bygg og anlegg dei to noverande fylkeskommunane Hordaland og Sogn og Fjordane eig og disponerer, følgjer også kraftleveranse til ein del kommunar i Sogn og Fjordane med i avtalen.

– Det er svært gledeleg å registrera at me får toppkarakter på alle kriteria som vart lagt til grunn i anbodskonkurransen. Og sjølvsagt er det strategisk viktig for oss å vinna slike kundar, seier marknadssjef Undebakke.

Tett samarbeid med Kinect Energy Group

Når Sognekraft vinn kampen om dei retteleg store kundane er det i tett samarbeid med Kinect Energy Group i Bergen, som står for den finansielle forvaltninga.

Frå før har dette samarbeidet ført til at Sognekraft og Kinect Energy leverer og forvaltar kraft til Aker Solutions, Kværner, Vard og fleire andre store næringskundar, men og kundar innan offentleg forvalting. Til dømes Hordaland fylkeskommune og 7 av kommunane i Nord Hordaland.

– Saman er me eit svært sterkt lag, Sognekraft og Kinect Energy, noko denne avtalen stadfestar, seier Trude Undebakke.

Gler seg over avtalen

Avtalen med Vestland omfattar, i tillegg til leveranse av fysisk kraft, administrasjon og portefølgjeforvalting av elektrisk kraft, forvalting av elsertifikat og analyse og rådgjeving i samband med kraftforvalting.

Også Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft, gler seg over avtalen mellom nye Vestland og Sognekraft.

– Dette samsvarar med ambisjonane våre om å vera heilt i tet både på produksjon og sal av fornybar kraft. Avtalen med Vestland stadfestar at me er svært konkurransedyktige når det kjem til kraftleveranse også, seier han.

Til toppen