Fresvik: Omtrent på same tid som det store raset gjekk mellom Fresvik og Feios, mista Fresvik og Frønningen straumen.
Sognekraft, som leverer straum til begge stadane, var heilt sikre på at det var raset som forårsaka straumbrotet. Men det var det ikkje, og dei leitar framleis etter linjebrotet.
Kommunikasjonsrådgjevar i Sognekraft, Tor Yttri, fortel at dei har store mannskapar ute for å leita etter feilen både på land og i båt.
– Me jobbar med saken og prøver og håpar med å gjennopprette straumen i dag, seier han til Porten.no.
– Det var ikkje jordskredet som forårsaka straumbrotet, og det visar seg at det linjebrotet ligg nærare Vik. Me veit ikkje framleis ikkje heilt kva som er årsaka, men me trur me har funne feilen no, legg han til.
- Les òg: To bygder isolerte i Vik og ei er utan straum, ordførar: – Situasjonen førebels under kontroll
Håpar å få straumen tilbake måndag
Bygdene Fresvik og Frønningen er utan straum, som følgje av linjebrotet, fortel Yttri.
Sognekraft trur feilen ligg på linja nærare Vik, men er ikkje heilt sikre.
– Me prøvar å finna feilen endå, men me håpar det er den me har funne no. Me køyrer no inn ein ny bil med ny kabel og startar arbeidet med å montera denne, seier Yttri.
– Har de sett inn mellombelse tiltak?
– Nei ikkje anna enn at det vert jobba med eventuelle straumaggregat, dersom me ikkje får straumen på plass snarast. Men for å gå dei på plass er me avhengige av å frakta dei med båt. Me håpar me får straumen tilbake så kjapt at det ikkje vert naudsynt, seier Yttri.
Porten.no kjem tilbake med meir.