NØGD: Dagleg leiar i Sognenett, Ole Petter Hatlevoll, kan sjå tilbake på stor vekst i selskapet dei siste fem åra. Pressefoto
NØGD: Dagleg leiar i Sognenett, Ole Petter Hatlevoll, kan sjå tilbake på stor vekst i selskapet dei siste fem åra. Pressefoto

Sognenett kåra til årets regionale fiberoperoperatør i Norge

– Kjekt å visa at me kan vera gode og nå heilt til topps i konkurranse med dei som er langt større enn oss.

Sogndal: Sognenett er kåra til årets regionale fiberoperatør i Norge. Prisen vart delt ut på konferansen Carriers Forum i Oslo onsdag. 

Ei veke tidlegare stakk Sognenett av med Kundeserviceprisen i konkurranse med andre breibandselskap i Noreg. No er det bygging av infrastruktur og utvikling Sognenett vert heidra for.

– Det er utruleg kjekt å visa at me kan vera gode og nå heilt til topps i konkurranse med dei som er langt større enn oss, seier Ole Petter Hatlevoll, dagleg leiar i Sognenett, i ei pressemelding.

Sterk konkurranse

Dei visste at dei hadde kome heilt til finalerunden, saman med NTE og Bredbåndsfylket Troms. Likevel var den daglege leiaren stolt og litt overraska då han vart ropt opp på scena for å motta prisen saman med nettleiar John Geir Sperle. 

– Vi hadde vel ikkje heilt våga å tru at vi skulle nå heilt til topps. Konkurransen er knallhard og det er mange dyktige aktørar i bransjen, seier Hatlevoll i pressemeldinga.

I grunngjevinga for prisen skryt juryen av innsatsen verksemda har gjort for å byggja ut fiber. Særleg Sognenett sitt arbeid med å etablera eigen infrastruktur frå Vestlandet til Oslo vekkjer oppsikt. I tillegg har dei snudd resultatet frå negativt til positivt, og selskapet veks no solid kvart år.

Skryt av eigarane

– Sjølv om det er ein liten aktør frå ei lita bygd, har dei teke posisjonen som ein regional aktør andre ser og lyttar til, skriv juryen.

Den daglege leiar forklarar mykje av suksessen og veksten til selskapet med framsynte og offensive eigarar. Det er Sognekraft, Aurland Energiverk, Luster Energiverk og Lærdal Energi som eig Sognenett.

– Kompetansen dei bidreg med og bruken av traseane deira til fiberutbygginga vår har vore heilt avgjerande, seier Hatlevoll.

Til toppen