KVALITETSSTEMPEL: Dagleg leiar i Sognenett Ole Petter Hatlevoll og salsleiar Eldar Skjeldestad Åsebø, meinar at avtala med Telia er eit kvalitetsstempel for ATB-nett og Sognenett.
KVALITETSSTEMPEL: Dagleg leiar i Sognenett Ole Petter Hatlevoll og salsleiar Eldar Skjeldestad Åsebø, meinar at avtala med Telia er eit kvalitetsstempel for ATB-nett og Sognenett. (Foto: Sognenett)

Sognenett signerar avtale med Telia

Torsdag vart det kjent at Telia inngår fiberavtale med ATB-nett. Det fører til goder for den sogndal-baserte underleverandøren Sognenett.

Sogndal: Det går fram av ei pressemelding.

I dag leverar Sognenett fiber til kommunane Vik, Sogndal, Lærdal, Luster, Leikanger, Balestrand og Aurland.

Telia vil no ha moglegheit til å få levert fiber til alle mobilmaster i Sognenett sitt dekningsområde.

– Sognenett har sidan oppstarten bygd ut eit omfattande fibernett i Sogn. Me er svært stolte over at Telia ynskjer å nytta seg av vår infrastruktur. Dette er eit synleg bevis på at Sognenett har gjort mykje bra dei siste åra og kan levera med høg kvalitet, seier Eldar Skjeldestad Åsebø, salsleiar i Sognenett.

Kvalitetsstempel for Sognenett

At Telia vel ATB-nett og Sognenett, meinar dagleg leiar i Sognenett, Ole Petter Hatlevoll, er eit kvalitetsstempel. 

– I dag ser me meirverdien av samarbeidet vårt med ATB-nett. At Telia vel ATB-nett og Sognenett er eit kvalitetstempel for oss som selskap. Eg er særs stolt av dei resultata og synergiane ein klarer å skape lokalt gjennom Sognenett, seier Hatlevoll.

I ei pressemelding skriv Telia at avtalar med regionale fiberleverandørar står sentralt i arbeidet deira for å sikra endå betre kontroll over eige nett, og for å tilby moderne nett til kundane.

– Det etablerte fibernettet er påliteleg og har god redundans, noko som gir eit godt utgangspunkt for å levere fiber til Telia sine mobilmaster. Sognenett tilbyr Telia ei god regional løysing og forutsetningane for å levera eit framtidsretta mobilnett basert på ringstruktur og brei fiberaksess er til stades, seier Åsebø.

– Når øvst på fjelltoppane

Vidar Lavoll, dagleg leiar i ATB-Nett er svært nøgd med avtala med Telia Norge som no er etablert;

– Når lokale fibereigarar står skulder til skulder med kvarandre får me eit fibernett som passerer dalføre, når øvst på fjelltoppane og inst i fjordane. Dette gjer ATB-Nett i stand til å tilby redundante telekomtenester lokalt, men og med trygg avlevering i ‘hamnene’ Oslo og Bergen. For kunden betyr dette enda betre mobildekning i områda me representerer.

Til toppen