Oslo/Gudvangen: Han dreiv mykje med skyting som gutunge, før han gav seg. For to år sidan byrja han å trena for fullt att. I helga førte det til fullklaff under Oslo Open.
– Eg var i bilen på veg heim til Sogndal då eg fekk vita at eg hadde gått av med siger i stemnet. Eg skaut min serie laurdagen, men siste skot i tevlinga vart ikkje løyst før sundagen, seier Eirik Hylland, som er frå Gudvangen, men bur no i Sogndal med sambuaren frå Årdal.
Serien han skaut er ikkje til å kimsa av. Frå 15 meters hald klarte han å råka den bitte lille innertiaren heile 19 gonger på 25 skot. Det gav han 250 poeng og sigeren i klasse 1 liggjande skyting.
Det var ein av dei andre 35 konkurrentane i denne klassen som makta å få like høg poengsum, men han hadde fem færre innertiarar og dermed vann Hylland.
– Me stogga bilen og hadde oss ein liten seremoni saman då me fekk vita at me hadde vunne. Eg køyrde i bilen med han som vann klasse 3 og me fekk båe høyra om sigrane våre samstundes. Me var godt nøgde, fortel Hylland.