Sogndal/Kaupanger: I dag, onsdag, var nestsjefen i Norges Bank og nestleiaren i oljefondet på besøk i Sogndal. Målet var å bli betre kjent med det regionale nettverket til sentralbanken vår, som består av 350 verksemder, over tjue av dei frå Sogn.
– Norges Bank ønskjer å vere heile Norges bank. Då må vi ut og møte folk rundt om i landet, seier visesentralbanksjef Jon Nicolaisen.
Les også: Slik ser statsbudsjettet ut for Sogn
Les også: NM i fondssparing: Mest risikovillige i Sogn og Fjordane

– Gir oss masse verdifull informasjon
Dagen starta med eit seminar på Quality Hotel i Sogndal, der visesentralbanksjefen brukte sitt innlegg til å presentere framtidsutsiktene til den globale og den norske økonomien.
Når det gjeld det siste er nettopp det regionale nettverket eit viktig verktøy for sentralbanken. Gjennom intervju med næringslivsleiarar over heile landet kan Norges Bank få eit inntrykk av utviklinga i økonomien, fleire månader før Statistisk sentralbyrå kjem med fasiten.

– Det gir oss masse verdifull informasjon som hjelper oss når vi skal utforme pengepolitikken. Så indirekte kan du seie at dei er med på å styre landet, seier Nicolaisen om innsatsen til deltakarane i nettverket.
– Vi føler oss veldig priviligerte
Quality Hotel i Sogndal, Highsoft i Vik, Rocketfarm i Sogndal, Digital Etikett i Luster, Avery Dennison NTP i Luster og Norsun i Årdal var dei som fekk presentere seg for banktoppane denne dagen.
– Det er veldig gøy at dei kjem. Vi har mykje gåande i Sogn som blir viktig for Norge framover, seier Aslak Os, dagleg leiar i Rocketfarm.
Dei òg har stor nytte av å vere med i det regionale nettverket, seier han. Innspela dei kjem med dukkar gjerne ikkje opp i dei store rapportane til Norges Bank, men blir ofte snappa opp av politikarar.
– Fordi vi blir intervjua, så blir vi òg høyrt på. Det er stort for ei lita bedrift, seier Os.
– Vi har heile tida hatt høge ambisjonar. Det at Norges Bank skulle høyre på oss var kanskje ikkje det vi sikta mot, men vi føler oss veldig priviligerte når dei gjer det, seier han.

Viste fram industrifeltet
Etter seminaret gjekk turen til industrifeltet på Kaupanger og dei to største verksemdene Lerum og Jatak.
– Det var imponerande at dei ville ta turen til oss. Vi vart veldig overraska og tek det som ei stor tillitserklæring, seier Anders Bjærke, dagleg leiar i Jatak.

Han fortel at dei i eit par år har teke del i den årlege intervjurunden som Norges Bank gjennomfører.
– Dei har følgt oss og sett at vi har hatt bra vekst nokre år no. Eg trur dei synst det var imponerande å sjå kva vi har fått til. Dei verka veldig interesserte i alle fall, seier Bjærke.
Det siste kan visesentralbanksjefen stadfeste.
– Eg blir alltid imponert over gründerånda i Norge, ikkje minst på Vestlandet, det gjeld òg Indre Sogn. Eg ønskjer dei lukke til, seier han.