BESØKSFORBOD: Politiet hadde forbode sogningen å kontakta eller besøka foreldra, likevel møtte han opp på garden fleire gonger.
BESØKSFORBOD: Politiet hadde forbode sogningen å kontakta eller besøka foreldra, likevel møtte han opp på garden fleire gonger. (Foto: Arkivfoto/Ina Eirin Eliassen. )

Sogning dømd for å ha plaga foreldra og slått til slektning

Mannen er odelsgut og meiner han hadde rett til å vera på familiegarden, trass besøksforbod frå politiet. Det var tingretten ikkje einig i.

Indre Sogn: Ein mann i 40-åra frå Sogn er av tingretten dømd til 45 dagar fengsel på vilkår for plagsam oppførsel og kroppskrenking. At straffa er på vilkår betyr at mannen ikkje må i fengsel dersom han held seg på rett side av lova dei neste to åra.

Før rettsaka vart sogningen undersøkt av rettspsykiater. Konklusjonen var at mannen var frisk då han braut lova.

I 2016 oppsøkte den no domfelde sogningen garden til foreldra, plaga og skjelte ut både dei og avløysaren. Fleire gonger same året tok han kontakt med foreldra og oppsøkte eigedomen deira, sjølv om han hadde besøks- og kontaktforbod. Sommaren 2017 prøvde han å slå ein slektning med eit knyttneveslag i bakhovudet. Slektningen greidde å dukka unna, og slaget enda med å berre sneia borti skuldra og ryggen.

I dommen kan me lesa at sein utvikling og dysleksi førte til fleire problem for sogningen i oppveksten. Foreldra har skildra han som «krakilsk». I 2007 slo han mor si medan faren var på sjukehus. Etter dette flytta han ut, utan at det vart slutt på konfliktane.

Stadige besøk på heimgarden og krenkande meldingar om familien på Facebook, gjorde at politiet i 2016 forbaud mannen å oppsøka eller ha noko som helst kontakt med foreldra i tre månader. Forbodet vart seinare utvida, og stadfesta i både Sogn tingrett og Gulating lagmannsrett.

I retten forklarte sogningen at han har odelsrett til eigedommen, og såleis har lov til å vera der uansett kva politiet seier.

Retten tok utgangspunkt i slaget mot slektningen då dei skulle fastsetta straffa, medan den plagsame framferda mot foreldra verka skjerpande. Retten kom fram til at lovbrota i seg sjølve forsvara 45 dagar i fengsel, men valde å gjera straffa vilkårleg. Dette fordi sogningen er lettare psykisk utviklingshemma, noko retten meinte var formildande.

Til toppen