TILSTO: Ein mann i 20-åra frå Sogn tilsto i Sogn og Fjordane tingrett å ha lasta ned store mengder barneporno over ein periode på over ti år.
TILSTO: Ein mann i 20-åra frå Sogn tilsto i Sogn og Fjordane tingrett å ha lasta ned store mengder barneporno over ein periode på over ti år. (Foto: Arkiv)

Sogning dømd for nedlasting av barneporno

Må sitta ti månader i fengsel for ugjerninga.

Sogn: Ein student i 20-åra busett i Sogn vart måndag dømd til fengsel i ti månader for å ha lasta ned barneporno. Dommen vart avsagt i Sogn og Fjordane tingrett måndag.

I ein periode på ti år frå 2006 til 2016 lasta mannen ned videoar og bilete som viser seksuelle overgrep mot barn eller der barn blir seksualiserte. Han oppsøkte òg nettsider med slikt innhald. På datamaskina vart det funne 35.592 ulike bilete og nesten 2000 videoar. Mannen tilsto i retten og har samarbeida med politiet under etterforskinga.

Påtalemakta føreslo å straffa mannen med ti månader fengsel utan vilkår, samt inndraging av tre datamaskiner. Dette var retten samd i.

I straffeutmålinga vart det lagt vekt på det store omfanget av beslaglagt overgrepsmateriale, at delar av det må reknast som særleg grovt, at mange av barna er små, og at det har blitt oppbevart over lang tid. Ein del av bileta og videoane syner barn under to år, med hovudtynga mellom fire og tolv år. Dei syner til dels grove overgrep og seksuelle handlingar. I nokre av dei er borna bundne og teipa.

Mannen har forklara at han byrja å lasta ned barneporno då han sjølv var rundt 13-14 år gamal. Han har forklara at han aldri medvite har lasta opp materiale sjølv, eller på nokon måte bidrege til å produsera barneporno.

Retten gav mannen noko strafferabatt fordi han tilsto og samarbeida med politiet i etterforskinga. At saka blei liggande sju månader etter at etterforskinga var over, vart og teke omsyn til ved utmålinga av straffa.

Til toppen