MÅ I FENGSEL: Ein mann i 50-åra må sona i tretti dagar og betala 20.000 i erstatning etter ein valdsepisode for halvanna år sidan.
MÅ I FENGSEL: Ein mann i 50-åra må sona i tretti dagar og betala 20.000 i erstatning etter ein valdsepisode for halvanna år sidan.

Sogning må i fengsel etter å ha tatt kvelartak på kona

Drakk seg full medan han skulle ha passa på dottera. Vart valdeleg då kona kom heim.

Sogndal/Luster: Rettsaka gjekk i Sogn og Fjordane tingrett i Sogndal i førre veke. På tiltalebenken sat ein mann i 50-åra frå Sogn, no busett i ein annan plass i fylket, skulda for vald og truslar mot eks-kona.

Sommaren 2016 var den fornærma kvinna på fest med jobben. Den tiltala mannen var heime og passa på dottera dei to hadde i lag. Etter at dottera hadde lagt seg til å sova i 20-tida, drakk den tiltala to flasker vin og litt whisky. Sjølv la han seg til å sova rundt midnatt.

Kvelartak og truslar

Då kvinna kom heim rundt klokka to fann ho mannen sovande og full i stova. Ho oppdaga at frysaren stod open og lagde ein pipelyd, noko ho konfronterte han med.

Mannen vart sint, følgte etter kvinna på kjøkkenet og dytta ho inn mot stova slik at ho datt. Han sette seg oppå henne og tok kvelartak. Kvelartaket var ikkje kraftig nok til at kvinna mista pusten, men kraftig nok til at ho fekk pustevanskar.

Medan han sat slik sa han mellom anna «eg hatar deg» og «eg skal drepa deg». Kvinna vart redd og gjorde ingen motstand. Ho har sjølv forklara at ho «fraus til is», og var redd for å provosera mannen ytterlegare.

Mannen reiste seg og gjekk fra stova. Han kom tilbake to ganger, medan kvinna vart liggande i fosterstilling. Begge gangane sparka han ho med mild kraft under foten, og sa mellom anna «reis deg opp», «vis at det er tak i deg» og «eg skal drepe deg neste gang».

Til slutt gikk han ned i kjellerstova og small døra etter seg.

Hadde blåmerke over heile kroppen

Kvinna har forklart at ho vart livredd. Ho ringte veninna, og vart henta for å overnatta der med dottera til neste dag. Dei neste ti dagene budde dei hos ein av slektningane til kvinna i ein annan kommune. I mellomtida flytta mannen ut, og kvinna og dottera kunne reisa heim att.

Kvinna reiste til lege etter valdsepisoden, der ho fekk påvist fleire blåmerke, blant anna på eine låret og leggen, på ein arm og på ryggen. I tillegg var ho øm og svakt raud på høgre sida av nakken, under øyret og under kjeven.

Ho melde episoden til politiet. Bileta dei tok stadfesta skadane frå legebesøket.

Dømt til fengsel og bot

Den fornærma kvinna har forklart at ho har vore særs redd etter hendinga, og at ho framleis slit med angst. Ho måtte ta ut ei kortare sjukemelding ei stund etterpå.

Retten har trudd på kvinna, og forklaringa hennar stemmer i hovudsak med den tiltala har gitt.

Han vart difor funne skuldig i å ha påført kvinna kroppskrenking, og for å ha trua ho. At dottera sov i rommet ved sidan var med på å skjerpa straffa. At mannen innrømte å ha utført handlingane gav ikkje straffereduksjon. Dette fordi han ikkje erkjente straffskuld.

Etter ei samla vurdering landa retten på at fengsel i tretti dagar er ei rimeleg straff. I tillegg må mannen ut med 20.000 kroner i erstatning og 5000 i sakskostnader.

Til toppen